Fråverande måldebatt i Sel
12. mars skal Sel kommune i Gudbrandsdalen ha rådgjevande folkerøysting om målform ved Otta skole. Nesten ingen møtte på eit ope møte om folkerøysting og målform på skulen i går.
Klarspråksprisen til pensjonskassa
Statens pensjonskasse (SPK) får Klarspråksprisen 2011 for arbeidet dei har lagt ned for å gjere den kompliserte bodskapen dei formidlar til nesten ein million brukarar lettare forståeleg.
Helgesen valt til ny styreleiar i KS
Kommuneorganisasjonen KS valde tysdag Gunn Marit Helgesen (H) til ny styreleiar. Ho blir den første kvinnelege leiaren i organisasjonen.
Konsensusmeisteren
Halvdan Skard (72) byrja si politiske karriere i skulestyret i Bærum kommune i 1968. Av skuleutvalsleiar Jo Benkow lærte han den gongen å ha respekt for andre menneske sin politiske ståstad. Nettopp denne kunnskapen har gjort at han blitt vald til KS sin styreleiar om og om att i 20 år. Nå seier konsensusmeisteren takk for seg og overlet KS-styreroret til andre.
Dobla utlånet med bok i butikk
For eitt og eit halvt år sidan byrja biblioteket i Vindafjord med ordninga «Bok i butikk». Ordninga har blitt godt motteken av lånarane, som nå kan få kva bok dei ønskjer, til ein butikk i grenda si.
– All ordleik er bra
Det meiner språkprofessor Gunnstein Akselberg. SMS, chat, sosiale medium, wordfeud; alt dette er med på å gjere folk meir aktive når det gjeld skriving.
Fryktar for skulemålet
Viss Bykle kommune blir språknøytral, vil det få konsekvensar også for skulemålet. Det meiner varaordførar Tor Hallvard Mosdøl (Sp).
Vil bli språkleg nøytrale
I februar skal kommunestyret i Bykle avgjere om kommunen skal gå over frå å vere nynorskkommune til å bli språkleg nøytral.