Heim Blogg Side 234

– Viktig å vere stolt av nynorsken

0

 

Leiar i Nei til EU, Heming Olaussen er ein av omlag 1700 som har meldt seg inn i Noregs Mållag etter nyttår. Han meiner det er viktig å sjå at nynorsken blir pressa. 

– Treng ei felles satsing

0

I morgon startar Diktarvegkonferansen på Lofthus i Hardanger. – Målsetjinga med det nye selskapet Fjordvegen Diktarvegen AS må vere å få både betre veg og fleire opplevingar langs Rv 13, seier styreleiar i selskapet, Solfrid Borge. 

Norsk Ordbok på nettet

0

Norsk Ordbok lanserte torsdag ei eiga nettutgåve av det store ordbokverket. No kan du gratis slå opp i 140.000 norske ord, som prosjektet har samla inn sidan 1930.

Lite møte på nett

0

Berre 4 av 10 kommunar overfører kommunestyremøta sine på web-tv eller radio.

Innbyggjarane mest nøgd i små kommunar

0

Innbyggjarane mest nøgd i små kommunar
Publisert: 15.03.2012 09:45
(NPK-NTB): Ei ny undersøking viser at innbyggjarane i små kommunar er dei mest nøgde i landet. Ingen av dei største kommunane er i nærleiken av ti-på-topp-lista.
Rundt 100 kommunar har vore med i borgarundersøkinga, som er gjennomført av Sentio. Innbyggjarane har blitt spurt om å rangere tenestetilbodet, bustadforholda, tryggleik, demokrati og organisasjonsforhold, skriv Nationen.
På topp kjem Modalen kommune i Hordaland. Med berre 370 innbyggjarar er kraftkommunen Modalen den nest minste kommunen i landet målt i talet på innbyggjarar. På andreplass kjem Rindal kommune i Møre og Romsdal (2.088 innbyggjarar) og på tredjeplass Fedje kommune i Hordaland (576 innbyggjarar).
–  Små kommunar scorar høgt. Eg er absolutt ikkje dogmatisk motstandar av kommunesamanslåingar, men kvar er behovet for samanslåing? spør ordførar Ola T. Heggem (Sp) i Rindal kommune, som enda på andreplass i undersøkinga, men som tidlegare har vorte kåra til beste bustadkommune i Levekårsundersøkinga i 2005.
Største kommune blant dei ti øvste er Selbu, med 4.042 innbyggjarar.
Berre i spørsmålet om bustadforhold nådde ein av dei største kommunane i landet opp, Trondheim vart kåra til best i den eine kategorien, men nådde ikkje opp samanlagt. (©NPK)
Karoline@npk.no

Ei ny undersøking viser at innbyggjarane i små kommunar er dei mest nøgde i landet. Ingen av dei største kommunane er i nærleiken av ti-på-topp-lista.

For dårlege i sosiale medium

0

Byråkratane er for dårlege til å utnytte sosiale medium. 

For få elevar

0

 

Leiar i FAU ved Otta skole, Irene Viken, trur at kampen om å gjere skulen om til ein bokmålsskule botnar i at nynorskklassane blir for små.

Krev meir nynorsk på NTNU

0

Språkrådet meiner NTNU må auke nynorskprosenten ved universitetet. 

Folkerøysting om skulemål i Sel

0

Ei rådgjevande folkerøysting om skulemål på Otta skole i Sel kommune måndag resulterte i 103 stemmer for bokmål og 76 for nynorsk. Skulen har nynorsk som hovudmålform i dag.

Fylkeslag støttar sidemålsordninga

0

Sogn og Fjordane Arbeidarparti støttar sidemålsordninga i ei nyleg publisert fråsegn.

Heidra for nynorsk barne-tv

0

 

 

Eva Westvik får Sogn og Fjordane Mållag sin målpris for seriane Her er eg og Klart eg kan som blir vist på barne-tv på NRK Super.

Stoltenberg spår fleire i arbeid

0

 

Stoltenberg spår fleire i arbeid
Publisert: 12.03.2012 07:20
(NPK-NTB): Mens Europa slit med høg arbeidsløyse, kan nesten 70.000 fleire få seg arbeid i Noreg dei neste to åra, lover statsminister Jens Stoltenberg (Ap).
–  Sysselsetjingsveksten, slik han no ser ut for 2012 og 2013, kan komme opp mot 70.000 personar, seier Jens Stoltenberg til Dagens Næringsliv.
Dermed ligg det an til få ledige og solid vekst i sysselsetjinga i Noreg.
–  Veksten kjem både i privat og i offentleg sektor, og sysselsetjinga blir den høgste vi nokon gong har hatt, seier Stoltenberg.
Han legg til at arbeidsstyrken kjem til å vekse i takt med sysselsetjinga, slik at talet på ledige venteleg blir meir stabilt.
I dag er arbeidsløysa i Noreg på 3,3 prosent, slik ho blir målt i arbeidskraftundersøkinga. (©NPK)
npk@npk.no

 

Mens Europa slit med høg arbeidsløyse, kan nesten 70.000 fleire få seg arbeid i Noreg dei neste to åra, lover statsminister Jens Stoltenberg (Ap).