Vegvesenet med klarspråksblogg
Statens vegvesen har oppretta ein eigen klarspråksblogg for å dele informasjon med andre som driv med klarspråksarbeid. Vegvesenet opnar for innspel, kommentarar og diskusjon både om klarspråk generelt og det konkrete arbeidet dei gjer.
Full spreiing av nynorsk litteratur
LeLitt-festivalen i Nordhordland er i full gang, med 130 arrangement i åtte kommunar.
Meir nynorsk i salmeboka
I den nye utgåva av salmeboka er 39 prosent av dei norske salmane på nynorsk.
Snart kan du låne e-bøker på biblioteket
Frå nyttår av byrjar dei første norske biblioteka med utlån av e-bøker. Biblioteksentralen har jobba i fem år for å få dette på plass.
Nynorsk mistar grepet i Tysvær
Stadig fleire grunnskuleelevar i nynorskkommunen Tysvær i Rogaland vel bokmål. Sjølv på Tysværvåg barne- og ungdomsskule, som har lang tradisjon med reine nynorskklassar,vel stadig fleire vekk nynorsk.
Falturiltu fyller fem år
Den andre veka i november blir Falturiltu, nynorsk barnebokfestival på Stord, arrangert for femte gong. Ingelin Røssland er festivalforfattar.
Fornyingsministeren er lei av tåkeprat
Fornyingsminister Rigmor Aasrud sender språksyndene til byråkratane i retur. Ho peikar på at desse syndene kostar samfunnet 300 millionar kroner årleg.
Framleis uvisse om «tilrådd nynorsknorm»
Kulturdepartementet tok ikkje stilling til Språkrådets omdiskuterte vedtak om å lage ei smalare «tilrådd norm» da dei godkjente den nye nynorsknorma førre veke.
Stedje fekk heiderspris
Olav Stedje vart laurdag kveld tildelt Lutt sin aller første heiderspris under hyllestkonserten for den populære visesongaren frå Sogn og Fjordane.
Vil ha meir sakprosa på nynorsk
Samlaget og Norsk faglitterær forfatter- og oversetterforening (NFF) inviterer til eittåring sakprosakurs for nynorskskrivande.
Grepstad vil ha karakter i sidemål
Nynorsk er eit skriftspråk og denne skriftkunna må dokumenterast gjennom vurdering, sa direktør i Nynorsk kultursentrum, Ottar Grepstad, då han heldt årstalen sin i Ørsta.

