Førstevalget.no i gong i dag
I dag klokka 9 gjekk Mot til å meina-kampanjen Førstevalget.no “live” for første gong. Etter dei tragiske hendingane 22. juli er ennå ikkje alt på plass frå ungdomspartia si side, men ungdommar under 26 år kan frå i dag av gå inn og stemme på kandidatane og partia dei ønskjer.
Suksess med nyrenovert bibliotek i Årdal
I fjor hadde Årdal bibliotek over 40.000 besøkande. Det er rundt 10.000 meir enn dei pleidde å ha før dei renoverte biblioteklokala.
Usamde om e-val
Valforskar Frank Aarebrot har åtvara mot e-val og vil at folk skal boikotte denne måten å røyste på. I løpet av det første døgnet med e-val i 11 forsøkskommunar har 3181 personar røysta elektronisk. Det er kommunal- og regionalminister Liv Signe Navarsete godt nøgd med.
KS lovar betre service til fylkeskommunane
Etter misnøye frå fleire fylkeskommunar lovar KS no å betra tilhøvet til dei 19 fylkeskommunane.
Feirar 100 år med nynorsk i skulane
Den første veka i september skal Jølster i Sogn og Fjordane feire at det er 100 år sidan nynorsk blei innført i skulane i kommunen.
Pågang etter språkkurs
14 kommunar har så langt i år bestilt gratis språkkurs frå LNK. – No er det fullt for i år, men bestill gjerne til neste år, seier storfornøgd koordinator ved Høgskulen i Sogn og Fjordane, Tone Skjerdal.
Førehandsrøystinga startar i dag
Frå og med i dag kan du førehandsrøyste til kommunevalet. Du kan førehandsrøyste til og med fredag 9. september.
Klart for Nynorske litteraturdagar
Programmet for Nynorske litteraturdagar i Aurland siste helg i oktober er no klart.
Nye endringar i Samlaget
Finn Totland blei i mars konstituert som forlagsredaktør for litteratur i Samlaget. No trekkjer han seg frå stillinga.