Heim Blogg Side 323

Vil redde leksikonet

0

Universiteta vil no redde Store Norske Leksikon.

Strid om lokalsjukehus

0

Ordførarane i Indre Sogn klarer ikkje å bli samde om Lærdal sjukehus bør oppretthaldast som lokalsjukehus, skriv NRK Sogn og Fjordane.

På friarferd

0

LEIAR: Kommunesamanslåing er eit heitt tema for tida. Dei fleste ordførarar kjenner dilemmaet på kroppen, skal dei fri til nabokommunen, eller vil dei klare seg best åleine? Og skal ein fri, kven skal ein i grunn fri til?

Ingen er i tvil om at kommunane vil møte store utfordringar i åra framover, ikkje minst vil den forventa samhandlingsreforma setje store krav til fagmiljø og tenestenivå i kommunane. I tillegg møter kommunane klassiske utfordringar i eit ofte synkande folketal og ein kamp for å få tak i kvalifisert arbeidskraft innan mange fagfelt.

Det blir sagt at dersom ein kommune skal få noko ut av den planlagde samhandlingsreforma, som vil krevje ei opprusting av kommunehelsetenesta, bør kommunen ha mellom 20.000 og 25.000 innbyggarar. Dersom ein skal oppnå dette vil det naturlegvis føre til ei betydeleg redusering i talet på kommunar.

– Eg trur tida er overmoden for å gjere noko med kommunestrukturen, seier ordførar i Nord – Fron, Tove Haugli til LNK-avisa.

Ho har truleg eit poeng. Men skal ei eventuell kommunesamanslåing gjennomførast frivillig, eller er det naudsynt med tvang? I eit ideelt samfunn burde slike prosessar vere baserte på kva kommunane sjølve, og grasrota, ynskte. Likevel kan ein undre seg på kor mange kommunesamanslåingar ein vil få dersom ein utelukkande skal basere seg på frivillige frieri. Det er gjennomført fire frivillige kommunesamanslåingar sidan 2002. Det er ikkje mange.

Uansett bør innbyggarane stå i sentrum når ein vurderer eventuelle samanslåingar. Det er dei det handlar om. Innbyggarane er ikkje så interesserte i kven som får posisjonane i dei nye kommunane, dei er derimot interesserte i om dei får eit godt tenestetilbod, om dei får behalde grendeskulen i bygda, og om dei er sikra barnehageplass.

Så er spørsmålet: er det den store eller den vesle kommunen som sikrar innbyggarane sine behov på den beste måten?

 

På barrikaden

0

Svein Arne Tinnesand (49) er framleis radikal. Både når det gjeld politikk og musikk.

Demonstrerte for lokalsjukehusa

0

Folk frå by og land samla seg tysdag i Oslo for å demonstrera mot nedlegging av lokalsjukehusa rundt om i landet.

Skal skrive enklare

0

– Me må bli flinkare til å skrive og snakke på eit språk folk flest forstår, seier miljø- og utviklingsminister Erik Solheim (SV). 

Målpris til Linda Eide

0

Journalist Linda Eide får Målprisen til Hordaland Mållag for 2010.

Lagar nynorskpakke til skulen

0

Korleis kan eg bidra til nynorsken, tenkte designstudent Grete Haukelid (28). Svaret blei å lage ei masteroppgåve som kan gjere nynorskundervisninga meir levande og engasjerande.

Glad for nye tonar frå Kleppa

0

Bruk av offentleg privat samarbeid (OPS-modellen), vil gjera det lettare å nå måla i Nasjonal transportplan, meiner konsernsjef Terje R. Venold i Veidekke.

Ber lærarane bruke nynorsk

0

Eleverådet ved Fagerlia videregående skole i Ålesund oppmodar lærarane om å bruke meir nynorsk i undervisninga. – Vi ønskjer at nynorsken skal bli ein del av ungdomen sin natur, seier styremedlem Simon Molvær Grimstad til Sunnmørsposten.no.

Jølstring ny leiar i Norsk Målungdom

0

– No skal vi få meir nynorsk der folk les mest – i nettavisene! Det er hovudbodskapen til nyvald leiar i Norsk Målungdom, Janne Nygård.

Veit for lite om datalagring

0

Datalagringsdirektivet vil få konsekvensar for alle som tilbyr  breibandstenester, som til dømes kommunale kraftselskap. Men kunnskapen om direktivet er for dårleg, meiner NITO – Norges Ingeniør- og Teknologorganisasjon.