Mange skular utan godkjenning
493 norske skular driv ikkje i tråd med forskrift om miljøretta helsevern i barnehage og skule. 328 skular lever på midlertidig løyve, melder Utdanningsnytt.
Fleire har eigedomsskatt
Stadig fleire kommunar innfører eigedomsskatt. Frå 2001 til 2008 har inntektene frå eigedomsskatt auka frå 2,7 til 6,2 milliardar, melder Vårt Land.
Ap vil ikkje prioritere bøndene
Ap-nestleiar Helga Pedersen signaliserer at årets landbruksoppgjer blir «moderat» trass beskjed frå dei landbrukspolitiske ekspertane i partiet om at temperaturen er høgare enn tidlegare.
Talegjenkjenning på nynorsk
Nasjonal IKT har sett i gang eit forprosjekt som skal vurdere om teknologien brukt til talegjenkjenning kan utvidast til å omfatte nynorsk. Legar bruker talegjenkjenning når dei dikterer journalar og brev, og denne teknologien har til no berre fungert på bokmål.
Frisk bibliotek – debatt
Debatten om ein skal overføre bibliotekoppgåver frå ABM – utvikling til Nasjonalbiblioteket går friskt.
Nynorsk eller bokmål i Gjemnes
Snart skal det avgjerast om Batnfjord skule i Gjemnes skal halde fram med å ha nynorsk som opplæringsspråk. Facebook og flygeblad blir brukt i kampen om røystene.
Målprisar til Rita Eriksen og Nils Henrik Smith
Rogaland mållag har gitt målprisen sin for 2009 til artist Rita Eriksen og forfattar Nils Henrik Smith.
Rockar på dialekt
– Dialekt er eit sterkt språk med sterke uttrykk, seier arrangøren av den fyrste festivalen for dialektartistar.
– Må styrke norsk språk
Leiaren i Rogaland Mållag Kirsten Tegle Bryne seier til NRK Rogaland at kampen for det norske språket og den norske kulturen er viktigare enn målstriden.
Norske bønder dekkjer halvparten av matbordet
Bønder i Noreg produserer nok til å dekkje halvparten av matvareforbruket i landet, viser tal frå Norsk institutt for landbruksøkonomisk forsking (Nilf).

