– Viktig å skilje seg ut
For Trude Lundevall er det heilt naturleg å marknadsføre frisørsalongen BalanZera på nynorsk. Trass i at den ligg midt i Oslo.
– Dårlege råd
Reklamebyrå må la vere å gi verksemder råd om at dei ikkje skal bruke nynorsk i marknadsføringa, meiner direktør i Språkrådet, Sylfest Lomheim.
– Engelsk mindre viktig
Ei kartlegging gjennomført av Språkrådet vinteren 2009 viser at 72 prosent av bedriftsleiarane meinte engelsk ikkje var viktig for å fremje effektiviteten i bedrifta.
– Treng ein idébank
Den nyvalde leiaren i Utdanningsforbundet, Mimi Bjerkestrand, meiner ein burde få på plass ein idébank, der lærarar og førskulelærarar kan hente ut nynorsk materiell.
Trur på formidling
– Me håpar å skape meir interesse for nynorsk litteratur, seier Bente Dammen, som er prosjektleiar i Nye tider – ny norsk, som biblioteka i Nordhordland gjennomfører.
Mot til å meina
I samarbeid med Kommunal- og regionaldepartementet gjennomførte kommunane Hjelmeland, Sauda og Time eit pilotprosjekt retta mot folk under 26 år. Målet var å snu trenden og auka det politiske engasjementet blant unge. Prosjektet er no ferdig.
Sluttrapportane kan du lese her:
Sluttrapport – Einar Schibevaag
LAST NED: Pedagogisk opplegg for vidaregåande skule (PDF)
Det treårige prosjektet har som målsetjing å få fleire til å ta del i politisk arbeid, i politiske parti og politiske interesseorganisasjonar fram mot 2011. Hovudmålet er å auka talet på unge listekandidatar i kommune- og fylkestingsval, og at fleire får plass i kommunestyra. Prosjektet arbeider også for at det totalt blir større oppslutning i vallokalet frå denne gruppa ved neste kommuneval.
Sentralt i arbeidet står dei tre vidaregåande skulane som kommunane soknar til; Sauda, Strand og Bryne vgs. Det er sett ned ei gruppe med elevar frå dei tre vidaregåande skulane. Denne gruppa skal gi råd om korleis ein kan motivere ungdom til politisk engasjement og meine noko om kva som må til for få fleire ungdommar med i politisk arbeid.
Meir om Mot til å meina:
54 prosent av ungdommane vil ikkje ha røysterett for 16-åringar

