Heim Blogg Side 33

På saklista – kurs i nynorsk klarspråk

Arbeidet for å styrkja språkopplæringa i det offentlege er ei prioritert oppgåve for Landssamanslutninga av nynorskkommunar (LNK). Alle medlemskommunane våre får difor tilbod om årlege subsidierte språkkurs, som blir administrerte og gjennomførte av av Fretland & Fretland AS i Lærdal.

På saklista (todagarskurs)

«På saklista» er det mest populære kurset vårt, som tek for seg klarspråk, rettskriving og hjelpemiddel for alle som skriv nynorsk i offentleg sektor. Kurset byggjer på fagboka På saklista. Klart språk i det offentlege av Jostein Avdem Fretland og Jan Olav Fretland. Kurset går over to dagar, og me kan tilby kursa våre over heile landet, fysisk eller på nett.

Leiarkurs + workshop

I tillegg til det ordinære «På saklista»-kurset har me ein tilpassa variant, der dag 1 er ein kursdag for leiarar og andre som har ansvar for språkarbeid, medan dag 2 er ein workshop med ei mindre gruppe av saksbehandlarar, der dei arbeider saman med kurshaldaren for å forbetre kommunale vedtaksmalar, brevmalar og liknande. Fokuset på dag 1 er då primært klarspråk, hjelpemiddel i skrivinga og organisering av språkarbeidet.

Lærarkurs

Me tilbyr òg lærarkurset «På skjerm og på tavle», som går over 5–6 kortare digitale samlingar. Her lærer deltakarane både forskingsbasert nynorskdidaktikk og nynorsk rettskriving på tilpassa nivå.

Vil de tinga eit kurs?

For å tinga kurs, ta kontakt med jostein(a)fretland-fretland.no.

Medlemskommunar har rett på eitt kurs i året, der LNK betaler 75 prosent av kurskostnaden. Eigendelen for kommunen blir då 9101 kroner.

Kommunar med meir enn 25 000 innbyggjarar har rett på to kurs i året der LNK betaler 75 prosent av kurskostnaden. Ikkje-betalande medlemer har rett til å vera med på kursa til betalande medlemer, dersom det er ledig plass. Reisekostnader for kurshaldarane dekkjer kommunen sjølv.

Kursa er støtta av Fagforbundet og KLP. 

LES OGSÅ: Prøvde ut digitalt «På sakslista»-kurs: – Heilmaks!

SJÅ OGSÅ KURSTILBODA VÅRE FOR BARNEHAGAR, SKULAR OG LÆRARAR HER!

Jostein Avdem Fretland (nede til venstre) og Dagrun Gunnarson (nede til høgre) i samtale i Teams. Foto: skjermdump med løyve
Jostein Avdem Fretland (nede til venstre) og Dagrun Gunnarson (nede til høgre) i samtale i Teams. Foto: skjermdump med løyve

Nynorskpris til Eivind Molde i NRK

0

Utanriksreporter Eivind Molde i NRK er årets vinnar av Kulturdepartementets nynorskpris for journalistar for 2020. Det var ein svært overraska prisvinnar som fredag fekk prisen tildelt på NRK Marienlyst i Oslo.

Blanda reaksjonar på forslag til språklov

– Ingenting å feire, seier leiar Peder Lofnes Hauge i Noregs Mållag om forslaget til språklov som kulturminister Abid Raja (V) la fram tysdag.

Ny språklov krev at også fylka svarar på målforma til brukaren

0
 
Kulturminister Abid Raja (V) har presentert forslaget til ny språklov. Den nye lova vil mellom anna krevja at fylka svarar på målforma til brukaren.

Regjeringa droppar forslaget om å gi fylkeskommunane meir ansvar for kulturen

0

Etter massiv motstand snur regjeringa i det som har vorte omtala som regionreforma i kulturlivet.

Skuffa over redusert kulturansvar i vest

0

Fylka får likevel ikkje meir ansvar for kulturlivet, slik regionreforma for kulturområdet først la opp til. Det har gjort at fylkespolitikarar no er skuffa over kulturministeren.

Nav får kritikk for brot på mållova

0

Som andre statsorgan er Nav underlagt mållova, og dermed plikta til å svare på skriv i den målforma som er nytta i skrivet. No får Nav kritikk for at dei ikkje overheld lova.

– Regionreforma er blitt endå meir svekt

0

At kultursektoren blir fjerna frå regionreforma, betyr ei svekking av ei reform som var svak frå før, meiner KS.

Gunhild Berge Stang blir statssekretær for Abid Raja

0

Fylkestingspolitikar i Vestland Gunhild Berge Stang (V) hadde denne veka første arbeidsdag som statssekretær for kultur- og likestillingsminister Abid Raja (V).

Rekordstor skrivekløe på nynorsk

0
На новых норвежских сайтах Framtida.no и Framtidajunior.no наблюдается значительный рост числа пользователей, и более 1000 детей и молодых людей внесли свой вклад в новые конкурсы писателей.

Nynorsk-vakuum blant landets største bedrifter: – Definitivt ikkje likestilt med bokmål

0

 
Berre fem av 500 bedrifter skreiv årsrapporten sin på nynorsk.

Andrea (17) får målpris for å kjempe for nynorske lærebøker

0

Andrea Hebnes Tobekk (17) fekk Rogaland Mållags Målpris 2019 for innsatsen for sikre seg sjølv og andre nynorske læremiddel.