Heim Blogg Side 9

Kan nokon snart skru av internett?

Internett har tatt kontroll over norske klasserom. Vi må endre den digitale skulekvardagen.

Internett har kome for å bli. Det opnar verda og både spreier og jamnar ut tilgangen på kunnskap og informasjon. Samfunnet blir stadig meir digitalisert, og det er avgjerande at elevane utviklar digital kompetanse. Berre fantasien set grenser for læringspotensial digitale verktøy og ressursar gjev elevane.

Men omsetjingsprogram og kunstig intelligens rokkar no ved heile ideen om utdanning. Det må gjerne brukast i læringssituasjonar, men før styresmaktene får kontroll, er det opplagt at vurderingssituasjonar igjen må bli analoge. Dei må anten gjennomførast med penn og papir, eller gjerne med datamaskin utan internett og innebygd programvare ein kan jukse med. Du kan sjølvsagt ikkje måle eleven sin skrivekompetanse om ho har brukt eit program som produserer tekst som er kvalitativt like godt som mange lærarar kan.

Styresmaktene har over tid og i skiftande regime sett utviklinga, men møtt henne med ei passiv og naiv haldning. Kunnskapsminister Tonje Brenna (Ap) seier til VG at ho ikkje er så uroleg for at elevane vil bruke kunstig intelligens (KI) til å jukse, i ei sak om Andrea Holm Tanderø som har vist kor enkelt det er for elevane å bruke kunstig intelligens til å jukse.

Vi må gjerne «omfamne ny teknologi» og både prøve ut og forstå teknologien saman med elevane. Det er ingen som vil skru tida tilbake, men når vi har mist kontrollen over norsk skule, må nokon setje på bremsa. Ny teknologi må vere velkomen inn i klasseromma, men ikkje på sjølvstyr som i dag.

Den digitale skulevardagen er særleg utfordrande for nynorskelevane. Dei er ikkje andrarangs elevar, men får jamt over ei dårlegare lese- og skriveopplæring enn bokmålselevane. Kvifor? Jo, fordi opplæringa i stor grad skjer på bokmål. Det er ein enorm mangel på digitale læremiddel, læringsressursar og skriveprogram på nynorsk. Det er ein regelrett skandale at mange elevar får raude strekar under ord dei har skrive rett. Då koronapandemien herja og elevane sat vekesvis heime med digital undervisning, blei utfordringane sårbare nynorskelevar møter til dagleg, ytterlegare forsterka.

Skal nynorskeelevane få innfridd retten til opplæring på eige språk, må dei få den same retten til og tilgangen på digitale læremiddel som bokmålselevane. Parallellitetskravet må treffe dei læremidla, læringsressursane og digitale verktøya som faktisk blir brukte i klasserommet.

Det må lovfestast at skulane berre skal bruke skriveprogram som stør både bokmål og nynorsk, utan atterhald.

Det er mitt klare inntrykk av både Brenna og regjeringa ho er ein del av, forstår at det krevst politisk handling for å jamne ut det skeive tilhøvet mellom bokmål og nynorsk – også i skulen. I dag får marknadskreftene spele fritt, kjøtvekta telje og fleirtalsmakta rå. Det er kanskje tida vi lever i, men særleg sosialdemokratisk er det vel neppe, og konsekvensane for nynorsken er stikk i strid med intensjonane i nye språklova. I dag råkar det dei om lag 75 tusen nynorskelevane hardast, men om det får halde fram, ser det ikkje særleg lyst ut for bokmålselevane heller.

Opplæringspolitikken og språkpolitikken i Noreg bør styrast av styresmaktene, ikkje av private IT-gigantar i California.

Høgre vil svekkje nynorsken for å styrkje ungdomsskulen

0

– Ungdomsskulereforma til Høgre er eit dårleg skjult åtak på nynorsken, seier leiar i Noregs Mållag, Peder Lofnes Hauge.

Høgre vil fjerne karakteren i skriftleg sidemål «for å redusere følgekonsekvensen av å ikke meistre norskfaget» når elevane søkjer vidare utdanning.

– Dei ville aldri brukt ein slik spinnvill logikk i andre fag. Den einaste måten å redusere desse «følgjekonsekvensane av å ikkje meistre norskfaget» er å forbetre opplæringa slik at elevane meistrar norskfaget, slår Peder Lofnes Hauge fast i ei pressemelding.

– Ein skulle tru at eit sjølvutnemnt kunnskapsparti som elles elskar karakterar, ville meine at dersom elevane ikkje lærer nok, så må elevane få lære meir, ikkje sleppe vurdering, seier Peder Lofnes Hauge. Opplæringa må bli betre og byrje tidlegare, peikar han på.

Norskfaget er det største og viktigaste faget og heilt i kjernen av mandatet til skulen, og det er naturleg at dette blir reflektert på vitnemålet.

– Alle elevar må få god opplæring i heile det norske språket, og kompetansen må vurderast og synleggjerast på vitnemålet. I ein karakterstyrt skule er dette heilt avgjerande for å sikre at arbeidet med nynorsk ikkje blir prioritert ned og gøymt vekk av både lærarar og elevar.

– Dette er dramatisk for nynorsken, og det veit Sanner og Høgre veldig godt.
Dei bør aldri få makt til å gjennomføre denne politikken. Forslaget må støve ned på Høgres hus, seier Peder Lofnes Hauge.

Jorid Lekve Eide blir ny arenaleiar ved Haugesenteret

Jorid Lekve Eide er tilsett som ny arenaleiar ved Haugesenteret i Ulvik. Ho tek over etter Geir Netland som etter 10 år i stillinga blir pensjonist 1. mai.

– Eg gler meg til å ta fatt på arbeidet med å utvikla Haugesenteret vidare som eit nasjonalt museum for lyrikk i mange former! For framtida gjeld det å styrkja utgangspunktet me har, og stadig vera open for nye idear, seier Jorid Lekve Eide.

Ulvikjen Jorid Lekve Eide (40) er utdanna biletkunstnar frå Kunstakademiet ved Kunsthøgskolen i Oslo. Ho kom attende til heimbygda som festivalprodusent for
Poesifestivalen i 2014. Sidan det har ho arbeidd med sal, marknadsføring, arrangement og drift av Haugesenteret og Poesifestivalen i ulike roller. Frå 2020 har tittelen vore vertskaps- og programansvarleg. Ho har trua på at det ein skapar i eit lite lokalsamfunn også får ringverknadar i eit større og nasjonalt perspektiv.

– Å få lov til å opna nye dører inn til lyrikken til Olav H. Hauge og nyare samtidslyrikk, er nesten meir som ei gåve enn eit arbeid for meg, seier Eide. – I poesien kan me oppleva mykje på kort tid og på få linjer. Eg ser fram til fargerike kvardagar der formidling av lyrikk,
litteratur og språk står sentralt, utdjupar ho.

Nynorsk kultursentrum, musea for skriftkultur, formidlar, forskar på og forvaltar nynorsk språk og litteratur digitalt, med arrangement og utstillingar i heile landet og ved arenaene Aasentunet i Ørsta, Haugesenteret i Ulvik og Vinjesenteret i Vinje i Telemark.

– Med Geir Netland i førarsetet har Haugesenteret etablert seg som ein viktig kulturinstitusjon i Hardanger og Noreg. Jorid Lekve Eide, med kunstnarbakgrunn,
organisasjonstalent og poesiengasjement, kjem til å tilføre leiargruppa i Nynorsk kultursentrum viktige eigenskapar for å nå måla ved Haugesenteret og for heile institusjonen, seier Per Magnus Finnanger Sandsmark som er direktør i Nynorsk kultursentrum.

Stillinga som program- og vertskapsansvarleg vert lyst ut litt seinare i januar med frist i februar.

Aina Basso er årets festivalforfattar på Falturiltu

Aina Basso har turnert landet rundt med spennande formidlingar og til hausten vil Falturiltu løfta fram heile forfattarskapen hennar under årets tema: FAKTISK og POETISK.

– Me gler oss til å oppleva Aina Basso både på scena og i skulane! Ho vil blant anna fortelja om dødsstraffa i Noreg og andre historiske skikkelsar. Ho er rett og slett ei glitrande formidlar med særs fin røyst, fortel Trond L. Onarheim i Falturiltu i ei pressemelding.

Prisvinnande forfattar

Basso fekk i 2022 tildelt Samlagsprisen, der juryen påpeika at «Aina Basso utmerkar seg i samtidslitteraturen ved å skriva historiske romanar frå ståstaden til unge, utsette kvinner frå historia».

Aina Basso er utdanna historikar, og sjølv om bøkene hennar legg vekt på å vera historisk korrekte, så står dei på eigne bein som drivande gode skjønnlitterære verk.

For ungdomsromanen Inn i elden blei Aina Basso nominert til Brageprisen, Kulturdepartementets litteraturpris og Nordisk råds pris.

Ho har dei seinare åra skrive bøker om heksejakt i Europa og korleis det var å vera eit uønska barn i Kristiania under hundreårsskiftet. Dei dødsdømde, som kom ut i fjor blei òg nominert til Brageprisen i klassen sakprosa for barn og unge.

Tjuvstartar på Vossa Jazz

Allereie i april vil Aina Basso opptre på Vossa Jazz, der ho kjem til Badnajazz i Voss kulturhus laurdag 1. april. Vossa Jazz har nett sleppt programmet sitt – ein fullstappa godtepose av velsmakande artistar – og Falturiltu er glade for å vera ein del av dette spennande programmet.

Den nynorske barne- og ungdomsbokfestivalen Falturiltu er den største litteraturfestivalen for barn- og ungdom i Noreg i talet på arrangement – og ein av dei mest besøkte. Kvar haust kan du bli med på feiring av barne– og ungdomslitteraturen i 10 ulike kommunar i Vestland og Rogaland fylke.

– Nynorsk er Konge

Meir nynorsk frå Kongehuset i 2022: I nye aktuelle saker på eigne nettsider frå Kongehuset auka nynorskdelen til 21 prosent.

– Kongen har lytta til mållaget, seier ein nøgd leiar i Noregs Mållag, Peder Lofnes Hauge.

Hausten 2021 vekte det stor oppsikt då nemnda som førebudde nytt arbeidsprogram for Noregs Mållag, føreslo at 25 prosent av talane frå Kongehuset skulle vere på nynorsk. Etter mykje debatt samla landsmøtet seg sidan om å stille krav til at 25 prosent av tekstane frå Slottet skulle vere på nynorsk.

– Det er tydeleg at Kongehuset har fått med seg ordskiftet i og kravet frå Noregs Mållag. Landsmøtet vårt var tydeleg på at eit kongehus for heile landet må nytte heile det norske språket, og bidra til å fremje nynorsk. Det har Slottet gjort, seier Peder Lofnes Hauge.

Også årets første nettsak på https://www.kongehuset.no/ er skriven på nynorsk, og Peder Lofnes Hauge håpar på enno meir nynorsk frå Slottet i åra som kjem. Han trur dei kan klare å kome opp i 25 % i 2023.

Kongehuset har i motsetnad til dei fleste statsorgan ikkje eit lovfesta krav om veksling mellom nynorsk og bokmål, men mållagsleiaren er glad for at dei likevel står fram som eit språkleg førebilete:

– Tekstane frå Slottet er viktige for mange nordmenn. Nordmenn er gutar og jenter som skriv bokmål, og gutar og jenter som skriv nynorsk. Nordmenn er både dere og dykk, slår Peder Lofnes Hauge fast.

Nynorskvenleg vind i dei store byane

Veksten i Noregs Mållag held fram og talet på medlemer er 15.000 for andre år på rad.

– No skal vi ha meir nynorskgjennomslag! 15.000 medlemer gjev oss politisk tyngde når vi kjempar nynorsken og nynorskbrukarane si sak, seier ein entusiastisk leiar i Noregs Mållag, Peder Lofnes Hauge.

Reisande på Nationaltheatret, Jernbanetorget og Byporten i Oslo kunne frå morgontimane måndag sjå ein jublande mållagsleiar som skrytte over medlemstalet på store digitale skjermar.

– Medlemsveksten dei siste åra har vore heilt ellevill og vel verd å markere. Difor breier vi oss i hovudstaden i dag og tar akkurat den plassen i bybiletet som nynorsken bør ha, både i Oslo og elles i landet, seier Peder Lofnes Hauge.

Dei nye medlemene i Mållaget kjem frå heile landet, men særleg i og rundt dei store byane.

– Det blæs ein nynorskvenleg vind i dei store byane, det er kult å bli med i Mållaget, og nynorsken styrkjer seg i kjerneområda. I språkblanda område er nynorsken likevel under stort press. Med eit stadig større Mållag og eit aukande engasjement for nynorsk skal vi styrkje nynorsken også i desse områda.

(©NPK)

Staten braut språklova over heile linja – no vil kulturministeren følgja opp

Alle departement og 160 statsorgan braut språklova. No har kultur- og likestillingsminister Anette Trettebergstuen (Ap) svara på spørsmål i Stortinget om saka.

Stortingsrepresentant Liv Kari Eskeland (H). Foto: Høgre

Stortingsrepresentant Liv Kari Eskeland (H) har stilt eit skriftleg spørsmål i Stortinget til kultur- og likestillingsministeren om kva statsråden vil gjera for at departementa og underliggande statsorgan skal klara å følgja språklova.

No har ho fått svar:

– La meg først streka under at alle statsorgan har eit sjølvstendig ansvar for å følgja språklova, skriv Anette Trettebergstuen.

Manglande rapportering

Finansdepartementet og Utanriksdepartementet og 33 underliggjande statsorgan har ikkje levert dei rapportane Språkrådet har bede om innan fristen dei sette, trass purringar. Språkrådet skriv i rapporten sin at dette vitnar om at delar av statsapparatet manglar vilje til å oppfylla krava i regelverket.

– Etter språklova § 20 har statsorgana ei plikt til å gi Språkrådet dei rapportane og
opplysningane som Språkrådet ber om som ledd i tilsynet. Likevel viser rapporten for 2021 at ikkje alle departement og verksemder gjer dette. Manglande rapportering og resultat blir følgt aktivt opp av Språkrådet mot aktuelle verksemder i tilsynsdialogen, skriv Anette Trettebergstuen i svaret sitt.

– Må følgja opp

Kultur- og likestillingsministeren skriv vidare at det er behov for både informasjon, rettleiing og tilsyn for å bidra til betre etterleving av språklova.

– For å støtta opp under det arbeidet Språkrådet gjer, må departementsfellesskapen følgja opp. I min eigen sektor følgjer eg opp i styringsdialogen med dei underliggande verksemdene. I tildelingsbreva for 2023 vil eg også minne om krava i språklova, skriv Trettebergstuen.

Kultur- og likestillingsdepartementet har eit overordna språkpolitisk ansvar i regjeringa.

– Dette betyr mellom anna at departementet er pådrivar for at andre departement følgjer opp språkpolitikken og språklova i si verksemd og sine sektorar. Eg vil følgje opp den manglande etterlevinga av krava til språkveksling og manglande rapportering til Språkrådet med eit eige brev til departementa, avsluttar Anette Trettebergstuen.

LNK: – Kan vera nødvendig med sanksjonar

LNK forventar at både departement og underliggande statsorgan følgjer språklova.

– Det er bra at statsråden følgjer opp departementa og eigne underliggande organ. Men me vil òg minna ho på at det er mogleg å utvida verktøykassa si med sanksjonar. Før vedtaket av ny språklov tok Trettebergstuen sjølv til orde for at brot på språklova kunne bli følgd opp med sanksjonar. Etter LNK si meining kan det vera nødvendig, seier dagleg leiar i LNK, Svein Olav B. Langåker i ei pressemelding.

Krympflasjon er årets ord 2022, ifølgje Språkrådet

0

Krympflasjon er årets ord 2022. Språkrådet meiner årets ord på slåande vis samanfattar den sterke prisauken den siste tida.

– Ordet krympflasjon blir brukt når innhaldet i eller storleiken på ei vare blir mindre medan prisen står stille eller aukar. Det er ein måte å kamuflere prisstiginga på, slik at ho verkar mindre enn ho faktisk er, skriv Språkrådet i ei pressemelding.

– Fenomenet er gammalt, men ordet er nytt. Det er eit såkalla teleskopord som er sett saman av delar av andre ord. Her er grunnlaget krympe og inflasjon. Ordet er altså laga av etablerte norske ord. Det engelske shrinkflation er laga etter same mønsteret, seier Dagfinn Rødningen, seniorrådgivar i Språkrådet.

Urolege tider

I samarbeid med NHH-professor Gisle Andersen har Språkrådet kåra årets ord. I tillegg til at årets ord skal vere levedyktig, skal det også ha god språkleg kvalitet.

Fleire av orda på lista over årets nyord har rot i internasjonal politikk. Ordet valfornektar vart mellom anna teke i bruk i samband med mellomvalet i USA.

– Lista med nyord for 2022 ber preg av at det er urolege tider i verda, med krig, økonomi i nedgang og demokrati under press. Ordet speglar alvoret som har prega året, seier Åse Wetås, direktør i Språkrådet.

Frå finanskrise til koronaen og sportsvaske

Første gong Språkrådet kåra årets ord var i 2008. Den gongen var det finanskrise som vart årets ord. Kåringa gir ein peikepinn på kva som har vore viktige tema i samfunnet i året som har gått.

Tidlegare har mellom anna selfie, svineinfluensa, rosetog, framandkrigar, klimabrøl og koronaen vorte kåra til årets ord.

I fjor var det sportsvaske som vart årets ord.

(©NPK)

Målprisen 2022 til Kari Huus

Kari Huus får Målprisen for å ha trygga ein heil generasjon av forfattarar og gjort det enklare for dei å bli verande i nynorsken. Ho har vore manusredaktør i Samlaget gjennom fire tiår.

– Vi i Noregs Mållag veit kor viktige bankane språkhjarte er for nynorsk. Vi veit at skal nynorsken leve vidare med hundre tusenvis av brukarar lyt den skrivast, lesast og nyttast, sa Peder Lofnes Hauge, leiar i Noregs Mållag, då prisen vart delt ut ved ei markering på Samlaget.

– Mållaget likar å snakke fram litteraturen, og framheve kor viktig han er for nynorsken. Difor er det ekstra kjekt å få takka ein av bidragsytarane for den nynorske litteraturen som ikkje har namnet sitt på framsida eller portrettbilde på omslaget til boka.

Målprisen vert delt ut kvart år av styret i Noregs Mållag.

Nynorsk teaterjubel i raudgrøn budsjettsemje

– Alle som er glade i nynorsk scenekunst, kan sende ein varm tanke og ei hjarteleg takk til Audun Lysbakken og SV.

Det seier leiar i Noregs Mållag, Peder Lofnes Hauge. I budsjettsemja mellom SV og regjeringspartia Ap og Sp ligg det inne 3,5 millionar kroner til Det Vestnorske Teateret og 2 millionar til Teater Vestland.

– Nynorsk er det vesle språket for den store scenekunsten, og det ser SV. Desse millionane vil gje mykje nynorsk teatermagi på begge teatera i året som kjem, seier Peder Lofnes Hauge. Han omtalar Det Vestnorske Teateret som ein nynorsk maktdemonstrasjon på gateplan i Bergen sentrum, og gler seg over at teateret no kan ta i bruk ei ny scene og tilby fleire teateropplevingar.

Mållagsmillion

Dei 17 nasjonale nynorskorganisasjonane i Nynorsk forum har samla seg om ei auka løyving på 1 million kroner til Noregs Mållag som førsteprioritet på kulturbudsjettet – og 350.000 kroner til Pirion som førsteprioritet på utdanningsbudsjettet. Det fekk ein ikkje gjennomslag for i denne omgang. No håpar nynorskrørsla at dei raudgrøne kan finne rom til det når budsjettet skal handsamast i komiteane.

– Det er ingen ting som gjev meir nynorsk for pengane enn ei auka løyving til Noregs Mållag. Vi opplever ein enorm medlemsvekst og treng meir ressursar, mellom anna for å følgje opp den nye språklova ute i kommune-Noreg, seier Peder Lofnes Hauge.

Store forventingar til neste runde

Peder Lofnes Hauge meiner denne budsjettavtalen viser at det raudgrøne Stortingsfleirtalet er nynorskvenleg. Likevel ventar han større satsingar når regjeringa tek fatt på neste ordinære budsjettprosess.

– Særleg nynorskelevane i klasseromma fortener at styresmaktene prioriterer dei, også i løyvingar over statsbudsjettet. Desse elevane får ikkje ei lese- og skriveopplæring som er likeverdig den bokmålselevane får, og det må regjeringa rette opp i. Når regjeringa no tek fatt på budsjettet for 2024, må dei sikre retten til å gå i eigne nynorskklassar på ungdomsskulen og digitale læremiddel på nynorsk.

Ny lærebok vil vise at nynorskopplæring er moderne

0

Lærarstudentar og norsklærarar som strevar med nynorsk får gjennom ei ny bok høve til å styrkje nynorskkompetansen sin.

– Boka er sett saman av ulike emne vi meiner er viktige for lærarar som underviser i nynorsk som både hovudmål og sidemål. Det finst så mange andre inngangar elevar treng å møte enn berre språkhistorie, Ivar Aasen og grammatikk, seier Kristin Kibsgaard Sjøhelle i ei pressemelding.

Saman med Gudrun Kløve Juuhl og Hjalmar Eiksund, står ho bak den nye boka Nynorskdidaktikk. Dei har alle forska på, og underviser i nynorskdidaktikk ved Institutt for språk og litteratur på Høgskulen i Volda.

I 2018 såg dei eit behov for ei oppdatert bok for lærarar og studentar om nynorskopplæring. Forfattarane håper at boka vekkjer meir interesse for nynorsk.

– Også blant dei som tykkjer nynorsk er framand eller vanskeleg. Dette er ei lærebok som skal vere meir tilgjengeleg og lettlesen, og ho vil passe inn i lærarutdanningane over heile Noreg, seier Kibsgaard Sjøhelle.

Høgskulen i Volda tilbyr eit nettbasert studium, Nynorsk i opplæringa del 2 , som gir lærarar og andre moglegheita til å styrkje nynorskkompetansen sin. Nynorskdidaktikk er no blitt pensum der, men også på fleire andre studium

– Vi har lyst til å vise at nynorsk opplæring er moderne, og at det er eit aktivt skriftspråk, seier Sjøhelle. (©NPK)

Vel nynorsk for barnet ditt!

0

Er du ein av dei mange tusen føresette som veit at dette er siste året i barnehage, og neste haust er det skulestart? Kanskje kjem invitasjonen til innskriving av nye elevar i barneskulen om ei tid. Då er det også tid for å velje nynorsk eller bokmål til barnet ditt.

Det er truleg om lag 8000 barn fordelt på 114 kommunar som neste haust byrjar som nynorskelevar i 1. klasse i barneskulen. Kan ein av desse nynorskelevane vere ungen din?

Vi oppmodar foreldre om å velje nynorsk for barnet sitt. Nynorsk som opplæringsspråk er den tryggaste måten å gje barnet kunnskap til å skrive både nynorsk og bokmål som vaksen. Nynorsk har ein solid posisjon i Noreg. I dag er det over ein halv million innbyggjarar som reknar nynorsk som sitt språk. Noreg har nettopp fått ei ny språklov og ho framhevar kor viktig det er å ta vare på nynorsken.

Skal barnet ditt gå på ein bokmålsskule, men du kunne likevel tenkje deg nynorsk som hovudspråk? Då treng du å få med deg ni andre foreldre på det same: 10 elevar er nok til å få ei eiga nynorskklasse. Ein nynorskklasse er ein heilt vanleg parallellklasse der opplæringsspråket er nynorsk, medan bokmål er det vedtekne opplæringsspråket for skulen. Nynorskklassen har nett den same undervisninga som bokmålsklassane i alle fag, berre på nynorsk.

Det er mange vegar inn i nynorsken. Mållaget ynskjer at flest mogleg elevar skal få sjansen til å lære nynorsk alt frå 1. klasse.

Peder Lofnes Hauge
Leiar i Noregs Mållag