Heim Blogg Side 10

Det nynorske næringslivet foreinar kreftene

Den nye medlemsorganisasjonen Nynorsk bedriftsforum skal vere eit landsdekkande nettverk av og for nynorskbedrifter. Målet er å betre dei språklege arbeidsvilkåra for nynorskbedriftene, slik at det blir like lett og sjølvsagt å drive næringsverksemd på nynorsk – som på bokmål eller engelsk.  

I følgje ei forundersøking mellom eit trettitals potensielle medlemsbedrifter, er det ofte både dyrare, vanskelegare og meir tidkrevjande å vere nynorskbedrift enn bokmålsbedrift. Likevel held nynorskbedriftene fast på språket sitt.

– Det seier seg sjølv at dette er stolte og viljesterke bedrifter, seier initiativtakar og dagleg leiar i Nynorsk bedriftsforum Monika Haanes Waagan.

– Det er på høg tid at vi no utnyttar krafta som ligg i eit samla nynorsk næringsliv, held ho fram.

Bedriftene legg ned ein stor innsats

Synnøve Kleiven representerer Ulstein Group i styret for Nynorsk bedriftsforum. Kleiven har lang erfaring med å bruke nynorsk som næringslivsspråk.

– Nynorskbedriftene legg ned ein stor innsats for skriftspråket vårt, seier ho.

– I alle deler av næringslivet finst der nynorskbedrifter som dagleg forvaltar og vidareutviklar nynorsk som fagspråk og næringslivsspråk. Å ha eit nettverk der vi deler erfaringar og utvekslar kunnskap vil gi oss ein nyttig «ressursbank».  Vi vil kunne jobbe saman for løysingar som gjer nynorsken mindre ressurskrevjande og meir attraktiv.

Vil ha endringar

– Språkutviklinga i Noreg har lenge vore påverka av utanlandske teknologigigantar, hevdar Monika Haanes Waagan.

– Når søkemotorane systematisk filtrerer bort nynorske søk og søketreff, og ignorerer at vi har to likeverdige norske skriftspråk i Noreg, er det klart at noko må endrast.

Tanken bak etableringa av Nynorsk bedriftsforum er at ein blir både betre, sterkare og meir effektive når ein står samla. Som enkeltbedrift er det lett å kjenne på maktesløyse, medan ein kan få til store og viktige endringar i fellesskap.

Stiftarane 

  • Akka AS
  • Nynodata AS
  • Ulstein Group
  • Maritim foreining for Søre Sunnmøre (MAFOSS)
  • Noregs Mållag
  • Landssamanslutninga av nynorskkommunar (LNK)

Snille litt for lenge

– Nynorskbedriftene har nok vore stille og snille litt for lenge, seier styreleiar i Nynorsk bedriftsforum Jan Thormodsæter. Han håpar at etableringa også vil bidra til større språkleg sjølvtillit ute i bedriftene.

– No er tida komen for nynorskbedriftene til å bli litt meir breibeinte, høgrøysta og synlege, seier Thormodsæter.

Håpar bedriftene melder seg inn
Anders Riise er næringslivsansvarleg i Noregs Mållag og sit også som styremedlem i det nystifta forumet. Riise fortel at Noregs Mållag er godt kjend med utfordringane næringslivet står over for.

– Gjennom ein medlemsorganisasjon som denne kan næringslivet utnytte si eiga forbrukarmakt og få meir kraft bak ønska sine. Men for å få dette til, må bedriftene melde seg inn, seier Riise.

Unikt Aasen-materiale publisert på nett

0

Boksamlinga etter Ivar Aasen inneheld omlag 2 500 bøker. I januar i år tok Nynorsk kultursentrum til på arbeidet med å gå gjennom alle bøkene. Forskar Stine Stennes Hovdenakk og bibliotekar Siri Beate Gjerde har funne ukjent informasjon om både Aasen og arbeidet hans. Dei 1 000 første bøkene er denne veka tilgjengeleg på digitaltmuseum.no.

– Gjennomgangen og registreringa vert gjort med stor respekt. Det å kome så nært personen Ivar Aasen og tankane hans er ei oppleving, seier bibliotekar Siri Beate Gjerde i ei pressemelding.

Forskar Stine Stennes Hovdenakk, som arbeider som konservator i Nynorsk kultursentrum legg til at det er kjekt å kunne dele det dei finn med resten av verda digitalt.

Tusen markeringar – tusen spor

Ein viktig del av arbeidet er leitinga etter Ivar Aasen sine eigne markeringar i bøkene. Til no er det funne fleire tusen markeringar.

– Me har også funne fleire lappar gøymde i bøkene som bokmerke, som inneheld tettskrivne og småstilte notat Aasen har gjort seg undervegs i lesinga. Fleire av desse har ein ikkje visst om før no, noko som gjer at det kriblar ekstra når ein slik lapp dukkar opp, seier Gjerde.

– Botanikaren Aasen har òg snike seg med i enkelte av leseøktene, for i nokre av bøkene har me òg funne blomar og lauv, seier Gjerde.

Fleire av forfattarane og utgjevarane av bøkene har skrive personlege helsingar til Aasen, noko som gir eit sjeldan innsyn i det litterære og vitskaplege miljøet og nettverket Aasen var ein del av og arbeidde i.

– Ei av helsingane som var særleg stas å finne var frå kvinne- og målsakskvinna Aasta Hansteen. Ho hadde skrive både ei kort helsing til «det norske Tungemaals Genopreiser Herr Ivar Aasen», og eit lenger brev der ho takkar for all tidlegare hjelp han har gitt henne,
avslutta Hovdenakk.

Staten bryt språklova over heile linja

0

Nesten ingen sentrale statsorgan oppfyller krava i regelverket om veksling mellom nynorsk og bokmål, viser ein ny rapport frå Språkrådet.

Her har dei teke føre seg korleis departementa og dei underliggjande statsorgana etterlever reglane om veksling mellom nynorsk og bokmål.

– Det vi ser i denne rapporten er at staten på ingen måte løyser det lovpålagde oppdraget sitt om å bruke både bokmål og nynorsk ut frå eit minimumskrav. Det er rett og slett frykteleg dårleg, seier direktør i Språkrådet, Åse Wetås til NRK.

Det er ikkje tvil om kva lova seier. Sentrale statsorgan skal veksle mellom bokmål og nynorsk i allment tilgjengeleg materiale, slik at ingen av skriftspråka er representerte med mindre enn 25 prosent. Det er også krav om at alle skjema og digitale sjølvbetente løysingar skal vere tilgjengelege på begge språk.

– På punkt etter punkt ser vi at språkvekslinga ikkje er godt nok, og at politikken Stortinget har vedteke om å særleg styrkje nynorsk som det minst brukte skriftspråket, ikkje blir teken omsyn til, seier Wetås.

Rapporten byggjer på data frå heile 15 departement, Statsministerens kontor og 161 statsorgan. Berre Medietilsynet oppfyller alle krava i regelverket.

– Denne rapporten er eit sørgjeleg bilete på ein stat som ikkje er i stand til å følgje sine norske lover og etterleve sine eigne språkpolitiske ambisjonar, seier leiar i Noregs Mållag, Peder Lofnes Hauge. (©NPK)

Føreslår at alle lærarar skal kunne meistre nynorsk

0

Mange elevar i tradisjonelle nynorskområde byter til bokmål i grunnskulen. Ein fersk rapport om språkbyte kjem med forslag til målretta tiltak som kan bidra til at færre elevar i grunnopplæringa byter målform. At alle lærarar skal ha kompetanse i begge målformer, er eitt av dei.

– På lærarutdanningane er det viktig at studentane får utdanning som hjelper dei til å meistre nynorsk når dei kjem ut i jobb, også dei som ikkje har norsk i fagkrinsen sin. Alle som skal jobbe i skulen vil møte elevar som skal lære nynorsk, anten som hovudmål eller som sidemål, seier høgskulelektor Liv Astrid Skåre Langnes.

I ein fersk rapport , utarbeidd av Langnes og Jorid Saure frå Nynorsksenteret, kjem dei med forslag til tiltak som kan bidra til at færre elevar går over frå nynorsk til bokmål på skulen.

Særleg på vidaregåande

Eit gjennomsnitt frå dei siste 15 åra viser at 11,8 prosent av nynorskelevane byter til bokmål i grunnskule-åra. Og i fleire område som tradisjonelt har hatt mange nynorskelevar, ser ein om lag ei halvering for nynorsk mellom tiande trinn og tredje året på vidaregåande.

Rapporten omhandlar språkbyte frå nynorsk til bokmål mellom 1. og 13. trinn, og er utarbeidd på oppdrag frå Språkrådet. Målet er å få eit kunnskapsgrunnlag om kvifor individuelle språkbyte skjer, for å føreslå tiltak som kan redusere talet på elevar som gjer eit språkbyte frå nynorsk til bokmål.

Tiltak på fleire nivå

Langnes understrekar at rapporten ikkje baserer seg på eigne studiar, men er eit kunnskapsoversyn som samlar ein del av empirien på området.

– Til slutt munnar han ut i ei ganske lang liste med tiltak som kan vere med å hindre eller bremse språkbyte, seier ho til Nynorsk pressekontor.

I rapporten føreslår dei tiltak på politisk nivå, lærarutdanningsnivå og skulenivå.

På politisk nivå meiner dei at det viktigaste forslaget er at nynorskelevane får ei opplæringslov, som sikrar at dei får skriveverktøy, læringsplattformer og digitale læringsressursar på nynorsk.

Rapporten blei lagt fram på eit frukostmøte i regi av Språkrådet. Foto: Svein Olav B. Langåker

Eit forslag på lærarutdanningsnivå går ut på at elevane bør møte nynorsk i fleire fag enn berre norsk, og at det bør drøftast om rammeplanen for lektorutdanning bør omfatte kompetanse i begge målformer.

På skulenivå meiner dei at det viktigaste forslaget handlar om at både skuleeigarar, lærarar og elevar treng ressursar til å skape ny giv for den språklege opplæringa i nynorsk i skulen, både i hovudmål og sidemål. Dette kan bidra til at elevane trivst med å lære, og meistrer begge målformene, ifølgje Langnes.

Ulike årsaker til språkbyte

Rapporten tar mellom anna føre seg at språkbytet er størst i randsoneområda og minst i kjerneområda. Det største språkbytet i grunnskulen skjer i overgangen til ungdomsskulen, og talet på nynorskelevar fell også i perioden mellom ungdomsskulen og tredje året på vidaregåande.

Men sjølv om språkbyte er størst i randsonene, er nynorskelevar i begge område utsette dersom dei vert i mindretal og får undervisning på bokmål, ifølgje Langnes.

– Viss nynorskelevar byter til ein skule med mange bokmålselevar, og det blir få nynorskelevar i gruppa, kan det sjå ut som at det er større sjanse for at dei byter målform. Det skjer også i nynorsksterke fylke som Møre og Romsdal, seier ho.

Ei anna årsak til språkbyte kan også vere at nynorskelevar vekslar mykje mellom å skrive nynorsk, bokmål og dialekt i uformelle tekstar, både på skulen og i fritida. Dette kan gjere overgangen mindre merkbar for dei, seier Langnes. Sjølv melder elevar som har bytt frå nynorsk til bokmål om at dei synest bokmål er enklare enn nynorsk, som hovudårsak til individuelt språkbyte.

Langnes understrekar at rapporten hovudsakleg tar føre seg individuelle årsaker til språkbyte, men at også kollektive årsaker speler inn. Demografi og endringar i samfunnet og skulen er difor nemnt i rapporten.

– Det kan ikkje halde fram slik

Tobias Christensen Eikeland er leiar i Norsk målungdom, og synest det er trist å sjå talet på elevar som byter hovudmål.

– I rapporten står det mellom anna at mange av nynorskelevane i randsonene melder om at dei får opplæringa si på bokmål. Dette er skuffande, og dårleg gjort mot nynorskelevane, og syner kor viktig det er med målretta tiltak i randsonene. Det kan ikkje halde fram slik, skriv han i ein e-post til Nynorsk pressekontor.

Eikeland meiner også at det finst mange løysingar på dette, mellom anna at nynorsk må brukast meir i andre fag enn norsk, slik også rapporten viser til.

– Me er godt kjende med mange av utfordringane elevane møter, men igjen er det trist å lese om opplevingane deira. Elevane skal ikkje trenge å kjempe for å kunna nytte språket sitt. Det er staten, kommunane og skuleeigarane som skal sikre språkrettane.

(©NPK)

Dialektprisen 2022 går til Karsten Warholm

0

Norsk Målungdom har kåra Karsten Warholm til vinnaren av Dialektprisen 2022.

Prisen går kvart år til eit dialektføredøme for ungdom, og blir delt ut av landsstyret i Norsk Målungdom. Warholm får prisen for å vera ein stolt ambassadør for dialekta si.

– Han er ikkje berre verdsmeister i hekk, men òg i dialekt, seier leiar i Norsk Målungdom, Tobias Christensen Eikeland.

Prisvinnaren

Karsten Warholm er ein idrettsutøvar frå Ulsteinvik. Han blir rekna som ein av Noregs beste idrettsutøvarar gjennom tidene. Han er verdsmeister i hekk, og vann OL-gull på 400 meter hekk i Tokyo i 2021. Han vart kåra til årets namn på Idrettsgallaen i 2018 og 2020.

– For meg er det naturleg å halde på dialekta mi, sjølv om eg har flytta frå Ulsteinvik og Sunnmøre, seier han.

– Det er sjølvsagt ikkje alltid like enkelt å halde på dei mest typiske dialektorda, for det er rett og slett ikkje alle ord alle forstår når ein er utanfor heimplassen, men eg tør påstå at dei fleste dialektorda har eg framleis i vokabularet mitt.

Sjølv om han har vunne meisterskap verda over, er han framleis stolt over å vera sunnmøring!

– Det er ein del av identiteten min, og eg finn det naturleg å snakke slik eg alltid har snakka, sjølv om eg har flytta til ein annan kant av landet, seier Warholm om kvifor han synest dialekt er viktig.

Prisen

Dialektprisen vart utdelt for første gong i 2001, og blir delt ut kvart år av landsstyret i Norsk Målungdom. Det er den einaste språkprisen som blir delt ut av språkengasjerte ungdommar, noko som også bidreg til at han er ein av dei mest prestisjetunge. Blant tidlegare prisvinnarar finn vi namn som Victor Sotberg, Linda Eide og Daniel Kvammen.

Utdelinga

Prisen vart delt ut på Det Norske Teatret laurdag 5. november kl. 15.00.

SV vil støtta Pirion – viktig støtte til viktig tiltak for nynorsk i barnehagar og skule

SV vil sikra støtte til Pirion gjennom sitt alternative statsbudsjett.

I over 20 år har Pirion jobba for å stimulera språk- og kulturarbeidet i barnehagane og småskulen. Men ei endring i prosjektstøtteordninga til Utdanningsdirektoratet i 2021 gjorde at Pirion har stått utan høve til å få statsstøtte.

Fredag føreslo SV å sikra 400.000 kroner i støtte til Pirion.

– Det er svært gledeleg, og er eit viktig tiltak for å sikra meir bruk av nynorsk i barnehagen og småskulen, seier dagleg leiar for LNK, Svein Olav B. Langåker.

Hjelper til i språkarbeidet

I ei undersøking som LNK og Pirion gjennomførte i 2021, kom det fram at det blir sunge og lese meir på bokmål enn nynorsk i nynorske barnehagar.

Barnehagestyrarane svarar at noko av det viktigaste som skal til for å få meir nynorsk i barnehagane, er meir bevisstgjering.

– Pirion jobbar systematisk for å auka bevisstgjering om gode tiltak for å styrka språkstimuleringa på nynorsk for dei minste. No håpar me SV og regjeringspartia blir samde om å støtta Pirion, seier redaktør for Pirion, Svein Olav B. Langåker.

I Hurdalsplattforma understrekar regjeringspartia at nynorsk fremmast og sikrast gode vilkår.

Noregs Mållag og Landssamanslutninga av nynorskkommunar starta Pirion i 2000, og sidan starten har Pirion jobba for å styrkja og inspirera språkarbeidet i barnehagar og barneskular.

Nynorsk teaterlys i SV-budsjettet

Fredag la SV fram sitt alternative statsbudsjett med lysglimt for den nynorske scenekunsten.

– SV har gitt 3,5 millionar til Det Vestnorske Teateret og 2 millionar til Teater Vestland, akkurat som vi bad om. Det lovar godt for dei nynorske teaterscenene også i 2023, seier Peder Lofnes Hauge, leiar i Noregs Mållag.

Då regjeringa la fram sitt framlegg til budsjett tidlegare i haust, var det utan ekstra millionar til dei nynorske teatera på Vestlandet. I budsjettet SV no legg fram, er millionane inne, og drifta for dei to teatera er sikra for neste år.

– Det Vestnorske Teateret er ein nynorsk maktdemonstrasjon på gateplan i Bergen sentrum. Nynorsken og den nynorske scenekunsten breier seg i byen og tar den plassen han fortener. Plasseringa er symboltung, og i seg sjølv ei viktig språkpolitisk markering. Mållaget er svært nøgd med at SV vel å prioritere denne markeringa, seier Peder Lofnes Hauge.

På måndag set regjeringa og Sosialistisk Venstreparti seg ned for å forhandle statsbudsjettet.

– SV går inn for nokre viktige tiltak. Vi ønskjer dei lykke til i forhandlingane og håpar nynorskmillionane får gjennomslag, avsluttar mållagsleiaren.

Fire nynorskbøker nominert til Brageprisen

Carl Frode Tiller er ein av fire nynorskforfattarar som er nominert til Brageprisen 2022.

I dag vart dei nominerte til Brageprisen 2022 annonsert.

Tre av fire nynorskromanar som er nominerte er gjevne ut på nynorskforlaget Samlaget.

Aina Basso er nominert for sakprosaboka Dei dødsdømde, medan Hilde Myklebust er nominert for ungdomsromanen SplintraAlfred Fitjestøl er nominert for biografien Innerst i hjertet har jeg min forstand: biografien om Georg Johannesen.

Den fjerde, Carl Frode Tiller, er nominert i kategorien skjønnlitteratur for diktsamlinga Det framande landet, utgjeven på Aschehoug.

Her er dei nominerte til Brageprisen 2022:

Skjønnlitteratur

  • Kniven i ilden – Ingeborg Arvola (Cappelen Damm)
  • Stakkar – Matias Faldbakken (Forlaget Oktober)
  • Femten år. Den revolusjonære våren – Vigdis Hjorth (Cappelen Damm)
  • Det framande landet – Carl Frode Tiller (Aschehoug)

Open klasse: Sakprosa for barn og unge

  • Det kuleste fra vikingtiden – Martin Aas (Kagge Forlag)
  • Dei dødsdømde – Aina Basso (Samlaget)
  • Rigel. Urettens ekko – Ida Kristine Larmo (Strand forlag)
  • Mer enn en klubb – Peder Samdal (Cappelen Damm)

Barne- og ungdomsbøker

  • Familien Brattbakk – Julia Kahrs (Gyldendal)
  • Splintra – Hilde Myklebust (Samlaget)
  • Grisaldo – Bjørn F. Rørvik og Per Dybvig (ill.) (Cappelen Damm)
  • Oppskrift mot ånder som knuser ting – Tyra Teodora Tronstad (Aschehoug)

Sakprosa

  • Krigsherren i Kreml – Aage Storm Borchgrevink (Kagge Forlag)
  • Innerst i hjertet har jeg min forstand: biografien om Georg Johannesen – Alfred Fidjestøl (Samlaget)
  • Haugianerne – Trygve Riiser Gundersen (Cappelen Damm)
  • Afghanerne – Åsne Seierstad (J.M. Stenersens Forlag)

Prisvinnarane vert annonsert og heidra på Dansens Hus i Oslo den 24. november.


Forfattar Carl Frode Tiller fylte 20 år i 1990. Det året starta han på sosialantropologi før han reiste til Brasil. Foto: Aschehoug/privat

Nynorsk næringslivspris går til Optima pH

Noregs Mållag gjev nynorsk næringslivspris 2022 til Optima pH.

– Dei får prisen fordi dei har ein imponerande heilskapleg språkprofil, som gjennomgåande held den høgaste språklege kvalitet, seier Anders Riise, juryleiar og styremedlem i Noregs Mållag.

Nynorsk næringslivspris er ein nasjonal pris. Han vart fyrste gong delt ut i 2006. Føremålet med prisen er å fremja innsats for og bruk av nynorsk i næringsverksemd. Årets pris vart delt ut på haustseminaret til Noregs Mållag i Oslo.

Nyttar språket på alle flater

Juryen merkar seg at Optima pH nyttar det same gode språket i alle flater dei er synlege. Det gjeld både på heimesida, Facebook, Instagram og på sjølve produkta dei sel.

– Ikkje minst merkar juryen seg måten firmaet marknadsfører seg på, som i tillegg til godt språk er prega av god informasjon, humor og originalitet. At alt dette blir formidla på nynorsk, er svært gledeleg å sjå, seier Anders Riise.

Familieselskap

Opphavet til det familieeigde firmaet går tilbake til 1987, då veterinær Magne Skjervheim gjorde forsøk med å tilsetja maursyre i fôr til gris. I dag tilbyr Optima pH eit breitt utval produkt til både folk, dyr og til reinhald.

– Økologi er ein hjørnestein for firmaet, og dei held fram økologi som samanhengen mellom levande organismar og miljøet. Litt som samanhengen mellom nynorsk og dialektane. Begge delar har vist seg å gje gode resultat, seier Anders Riise.

Unik verdi

Juryen håpar at andre leverandørar til landbruket, og andre næringar, merkar seg fordelane ved å nytta nynorsk i marknadsføringa. Mange verksemder speler på lokal tilknyting, identitet og kultur.

– Vi trur at å bruka det språket som best uttrykkjer den kulturen ein vil knyta identiteten sin til, er det som gjev det beste resultatet. I vår tid er det å vera unik ein viktig verdi, og her gjev nynorsken eit klart konkurransefortrinn. Det er marknadsføringa til Optima pH eit klart prov på, seier Anders Riise.

Nynorskorganisasjonane forventar kulturløft

0

I nyare tid har inga tidlegare regjering lagt fram eit kulturbudsjett der nynorskdelen er under 2 prosent.

– Me har von til at SV prioriterer å løfte nynorsktiltaka i budsjettforhandlingane, seier direktør Per Magnus Finnanger Sandsmark i Nynorsk kultursentrum i ei pressemelding.

På vegner av 17 nynorskorganisasjonar var Sandsmark og Svein Olav Langåker, dagleg leiar i LNK Nynorskkommunane, i budsjetthøyringar i Stortinget tysdag. Dei deltok i familie-
og kulturkomiteen og kommunal- og forvaltningskomiteen.

– Det er 113 kommunar med nynorskopplæring i grunnskulen. Me krev betre tiltak for å sikre vaksenopplæring på nynorsk for innvandrarar og betre kulturtilbod på nynorsk i desse områda, seier Langåker.

Forventar nynorskløft

– Eit monaleg løft for barn og unge er viktig. Me vil at dei 7 000 førsteklassingane som byrjar med nynorsk i grunnskulen kvart år skal verte glade og trygge i språket sitt gjennom eit breitt kultur- og medietilbod gjennom heile livet, seier Sandsmark.

Han peika på at det er behov for auka produksjon av barne- og ungdomsbøker på nynorsk. Seks prosent av desse bøkene er på nynorsk, medan delen nynorskbrukande barn og ungdom nesten er det dobbelte.

– SV og regjeringspartia bør ikkje kunne leve med å redusere nynorskdelen av kulturbudsjettet i det første året språklova gjeld. Dei kritiserte den førre regjeringa for å ha for låge språkambisjonar. Eit samla nynorsk-Noreg ventar at dei leverer eit nynorskløft i statsbudsjettet for 2023, avsluttar Per Magnus Finnanger Sandsmark.

Ber stortingskomité om å innfri nynorskløfte

0

Det er over 6 år sidan Stortinget bad Kunnskapsdepartementet om å sørgje for at nynorskelevar har rett til opplæring på eige språk gjennom heile grunnskulen. – Eg ber utdannings- og forskingskomiteen lytte til våre innspel og sørgje for handling, sa Per Magnus Finnanger Sandsmark i Nynorsk kultursentrum under budsjetthøyringa i Stortinget i dag.


Sandsmark var saman med senterleiar Synnøve Marie Sætre ved Nasjonalt senter for nynorsk i opplæringa ved Høgskulen i Volda i høyringa i utdannings- og forskingskomiteen ved Stortinget. Dei presenterte budsjettinnspel og krav frå 17 nasjonale nynorskorganisasjonar i Nynorsk forum.

– Nynorskelevane treng digitale læremiddel, læringsverktøy og opplæring tilpassa dei frå barnehage og ut vidaregåande opplæring. Derfor er nynorskkompetanse i barnehagane, språkdelt ungdomsskule og digitale læremiddel og læringsverktøy avgjerande for at det skal vere mogleg å halde på språket sitt gjennom skulegangen, seier senterleiar Sætre i ei pressemelding.

– Nynorsk står sterkt i dag. Av mindretalsspråka i Europa er berre fransk i Sveits og Belgia og katalansk i Spania større. Språket vårt er i bruk i skulen, arbeidslivet og dagleglivet. Samstundes er me under dobbeltpress frå bokmål og engelsk, understrekte Sandsmark i høyringa. Han understrekte at det også er behov for læremiddel i høgare utdanning på nynorsk.

– Ordninga er i dag avgrensa til små fag med små opplag. Det gjer at det vert for lite nynorsklitteratur i dei store faga, som til dømes lærarutdanning, helse- og sosialfag og ingeniørfaga, avsluttar Per Magnus Finnanger Sandsmark.

Vestland fylkeskommune er årets nynorskkommune

Vestland fylkeskommune trekte det lengste strået i tevlinga og utkonkurrerte sine «eigne» kommunar Kvam, Bergen og Stad. Også Vinje kommune i Vestfold og Telemark var blant dei nominerte kommunane.

Juryen heidrar Vestland fylkeskommune for det grundige og gjennomtenkte arbeidet med nynorsk på alle samfunnsområde.

I år har juryen sett særleg positivt på kommunar som har sett i gang tiltak for å etterleve krava i den nye språklova.

– Vestland fylkeskommune er best i si klasse og har nytta dei verkemidla kommunen rår over. Dei tilsette har god kjennskap til språklova, noko det har vore viktig for oss å løfte fram i år. I Vestland er nynorsken representert i planar og strategiar, og han er synleg i offentlege rom, seier juryleiar Margrethe Kvarenes.

Gode språklovstiltak

Vestland fylkeskommune har mellom anna oppdatert retningslinene for klart språk og god nynorsk slik at dei samsvarar med språklova, orientert om språklova på avdelings- og seksjonsmøte og sendt ut Språkrådets digitale kurs om språklova til over 6000 tilsette.

«Vinnaren har arbeidd grundig og systematisk for å sikre at tilsette kjenner språklova, og at dei har kompetanse og høve til å følgje opp. Dei syner strategisk leiarskap, og nynorskarbeidet har ringverknader for heile regionen», står det i grunngjevinga frå juryen.

– Det er gledeleg å sjå ein fylkeskommune som gjer eit så godt og systematisk arbeid for nynorsken. Mange fylkeskommunar har slått seg saman dei siste åra, og da er språkarbeid ein god måte å byggje ein ny organisasjon på. Dessutan har fylkeskommunane fått nye plikter etter språklova, og det er viktig at dei kjenner godt til kva som står i lova, seier Kvarenes.

Kultur- og likestillingsministeren delte ut prisen

Frå i år deler Kultur- og likestillingsdepartementet og Språkrådet ut prisen «Årets nynorskkommune» annakvart år, og prispotten er dobla til 200 000 kroner. Prisen blei delt ut av kultur- og likestillingsminister Anette Trettebergstuen under eit frukostseminar på Litteraturhuset i Oslo 24. oktober.

 

Les også: Desse knivar om å verte Årets nynorskkommune

Foto: Ilja C. Hendel/Kulturdepartementet. Kollasj: Framtida.no