Heim Blogg Side 232

Kjempar for nynorsk trusopplæring

0

Kyrkja får kritikk for lite nynorsk i trusopplæringa. Målrørsla håpar eit eige lovverk skal sikre borna eit nynorsk tilbod.

Festspel med song

0

Song blir tema på dei nynorsk festspela, som fyller 20 år dette året. No er programmet klart

Gründerar på elektroniske tavler

0

Det finst mange elektroniske tavler rundt om i norske klasserom, men lite programvare til å fylle tavlene med.

Mobiliserer motstand

0

 

Mobiliserer motstand
– Eg ville gjerne markere motstanden min mot forslaget om å fjerne sidemålet, seier rektor ved Universitetet i Bergen, Sigmund Grønmo. Han er ein av om lag 1700 personar som etter nyttår har meldt seg inn i Noregs Mållag.
Judith Sørhus Litlehamar
judith@norsk-plan.no
Etter at kunnskapsminster Kristin Halvorsen i januar gjekk ut med forslag om å svekkje sidemålet, har Noregs Mållag mobilisert stort, og organisasjonen har fått ei rekkje nye medlemmer. Blant desse finn me universitetsrektor Sigmund Grønmo, styreleiar i Nei til EU, Heming Olaussen, stortingsrepresentant Laila Marie Reiertsen (Frp) og nestleiar i LO, Gerd Kristiansen.
Eg fekk ei oppfordring om å melde meg inn, men meinte også sjølv at det var den rette tida for det, seier Grønmo.
Han er rektor ved universitetet som fekk Målprisen 2010 frå Noregs Mållag.
For nynorsken og målsaka er Universitetet i Bergen det viktigaste universitetet. De tek eit nasjonalt ansvar for nynorsken – noko som er avgjerande for nynorsk som akademisk språk. For nye studentar som møter høgre utdanning for aller fyrste gong, er det veldig lett å velje bokmål fordi det er det lettaste, og fordi alle andre gjer det. Difor er det svært viktig at Universitetet i Bergen held fram med å gje fagleg ryggstø for studentar og forskarar til å bruke nynorsken, sa leiar i Noregs Mållag Håvard B. Øvregård den gongen.
Nynorsk som fagspråk
– Universitetet i Bergen ligg i eit nynorskområde og har eit ansvar for å utvikle nynorsken. Vår oppgåve er å stå framme i fremste rekkje, og vi håpar det også gir gjenklang hjå andre universitet, der nynorsk kanskje ikkje er eit like stort tema, seier Sigmund Grønmo i dag og viser til at målprisen stimulerte til vidare arbeid for nynorsken.
Grønmo ser fleire utfordringar for nynorsken framover og meiner det er viktig at Noregs Mållag står sterkt som organisasjon.
Noreg ville blitt eit langt fattigare samfunn dersom ein tok vekk sidemålet. Både nynorsk og bokmål er viktige i norsk språk. Som universitetsrektor ser eg fleire utfordringar framover, ikkje minst med nynorsk som fagspråk. Generelt har me ei utfordring i å ta vare på norsk som fagspråk, og spesielt nynorsk. Me må leggje til rette for at fagpersonar som ynskjer å skrive nynorsk, får høve til å gjere det, seier Grønmo.
Han meiner dessutan at fastpris på bøker er viktig for å ta vare på nynorsken. Debatten om Noreg treng ei boklov, går friskt i desse dagar.
Valkamptema
Heming Olaussen i Nei til EU viser til at han som dialektbrukar frå Oslo aust ikkje har eit veldig bevisst forhold til nynorsk, meir ein intuitiv sympati som han kallar det.
Mitt perspektiv er meir politikken i stort, kva krefter som vil styrkje eller byggje ned både nynorsk og dialektbruk. Nynorsken, som alle motkulturar, blir pressa av sentralisering og elitisme. Det er viktig å vere stolt, slår han fast.
Korleis kan ein styrkje nynorsken framover?
Det har eg ikkje tilstrekkeleg oversikt over, men kanskje Noregs Mållag bør interessere seg for EØS-avtalen sin sentraliserande og distriktsnedbyggjande effekt? Ein bør kanskje også vere nøye på kven ein stemmer på ved stortingsvalet i 2013?
– Må bli meir attraktiv
Stortingsrepresentant Laila Marie Reiertsen (Frp) meiner ein må gjere nynorsken meir attraktiv, samstundes som ein må leggje høva til rette slik at fleire vil og kan bruke nynorsk. Dermed står ho litt på sidelinja i forhold til partipolitikken i Frp.
Eg ser det er blitt slik, at snakkar ein om sidemål, så snakkar ein om nynorsk. For meg som voks opp i ein nynorskkommune, med bokmål som sidemål, kan eg ikkje sitje stille utan å kommentere no. Nynorsken er ein del av kulturen og identiteten vår, det å ha kunnskap om eit anna språk er og bør vere viktig.
Reiertsen har sjølv opplevd fleire sider ved å bruke nynorsk offentleg.
Når eg skriv innlegg til avisene på nynorsk, er det ofte ei eller fleire aviser som kjem med rosande ord for at eg gjer det. Samstundes veit eg at nokre aviser vel innlegget vekk fordi det står på nynorsk. Då har me ei utfordring, meiner ho og viser til at kravet om å ha skriv i det offentlege tilgjengelege både på nynorsk og bokmål er viktig i alle kommunar.
Ris bak spegelen
Personleg har eg alltid sympatisert med målsaka. I det siste har det vore tiltakande press på sidemålet, altså nynorsken, frå skulebyråden i Oslo. Samstundes vart det gjort framlegg om å endre sidemålsstatusen i skulen. Samla gjorde dette at eg kom til at det ikkje er nok å ha sympati for nynorsken, eg må syna det òg. Massivt aukande medlemstal til Noreg Mållag er ein klår bodskap om at målsaka er viktig for meg og for mange andre, seier nestleiar i LO, Gerd Kristiansen.
På det språkpolitiske området ser ho mange steinar ein må rydde av vegen.
Me har eit klårt regelverk i Noreg, men det er mange krefter i ulike miljø som arbeider aktivt for å undergrave nynorsken. Skal ein vinne fram, meiner eg at ein må liggje hakket i framkant, tenkje nytt og sørgje for at det ligg ris bak spegelen om ein ikkje held seg til regelverket.
Kva er den viktigaste utfordringa i språkpolitikken framover?
Først og fremst må ein syne ungdommen kor viktig og fleksibelt språket er. Det oppnår ein best ved å gjere dei vane med å lese nynorsk, frå tidleg av. Både talt og skriftleg.
Kristiansen meiner vidare at det er viktig å nytte nynorskformer som folk forstår. Ho meiner mange tekstar frå styresmaktene for mange kan vere vanskelege å lese uavhengig av målform.
Eg saknar også nynorsken i aviser og andre medium. Gjer ein nynorsken meir tilgjengeleg, vert det òg lettare å få fleire til å nytte han i kvardagen, slår ho fast.

 

Stortingsrepresentant Laila Marie Reiertsen (Frp) meiner ein må gjere nynorsken meir attraktiv, samstundes som ein må leggje høva til rette slik at fleire vil og kan bruke nynorsk. Dermed står ho på sidelinja i forhold til partipolitikken i Frp.

 

– Godt grunnlag for folketalsvekst

0

Kommunal-og regionalminister Liv Signe Navarsete (Sp) meiner lokale og regionale styresmakter har mykje å lære av Distriktssenteret sin rapport som viser kvifor innvandrarar vel å bli buande i distrikta. Innvandrarane sjølve nevner språkopplæring som eit verkemiddel. 

Vegen vidare

0

Sats på dei nolevande, sats på kulturen og ikkje berre litteraturen, ta med sidevegane og få for all del betre vegstandard.

Nynorsk vaksenopplæring

0

I Kvam får alle vaksne innvandrarar norskopplæring på nynorsk.

Mange oppgåver for Vox

0

Pedagogar, LNK, Nynorsksenteret og Vox jobbar saman for å finne gode læremiddel på nynorsk til vaksenopplæring av innvandrarar.

Sture valt til ny leiar i Norsk Målungdom

0

Sture valt til ny leiar i Norsk Målungdom
Publisert: 26.03.2012 10:41
(NPK-NTB): Vebjørn Sture (24) frå Stavanger blei søndag valt til ny leiar i Norsk Målungdom. Han framhevar norskfaget som ein av dei viktigaste sakene for året som kjem.
Han blei valt ved akklamasjon på landsmøtet til Norsk Målungdom på Voss søndag.
–  Det neste året blir ein norskfagsmaraton fram mot læreplanrevisjonane våren 2013. Vårt oppdrag er å sørgje for at norskfaget skal bli eit fag som gjer elevane skriveføre i både bokmål og nynorsk, uansett kva dei har som hovudmål. Det er dessverre ikkje alltid tilfelle i dag, seier Sture.
Sture er også opptatt av organisasjonsvekst. Målet er å gjere Norsk Målungdom større og sterkare.
Sture blei i 2004 lokallagsleiar i Norsk Målungdom i Stavanger. Året etter blei han medlem i landsstyret. Dei siste fem åra har han hatt fleire roller i sentralleddet i organisasjonen, blant anna som økonomiansvarleg og nestleiar. Sture er utdanna snikkar og vaks opp med bokmål som hovudmål, men bytta til nynorsk som hovudmål på vidaregåande skule. (©NPK)
npk@npk.no
Bilde: syb248dc
Vebjørn Sture er ny leiar i Norsk Målungdom (Foto: Odin H. Omdal).

 

Vebjørn Sture (24) frå Stavanger blei søndag valt til ny leiar i Norsk Målungdom. Han framhevar norskfaget som ein av dei viktigaste sakene for året som kjem.

Bokmelding: Tørrvittig, kort og godt

0


Dei tek ikkje tran i Texas
er den fjerde humorboka frå reklamemannen, tekstforfattaren og humoristen Sigmund Falch sin penn.

Alle dei fire bøkene har same oppbygning. Falch leitar fram gamle svart-kvitt-bilete i arkiva til Nasjonalbiblioteket og museum. Han skriv små tekstar til bileta på nynorsk. Desse tekstane er humoristiske og har ingen samanheng med kva biletet eigentleg formidlar.

Kanskje høyrest det keisamt ut? Det er det ikkje. Dei tek ikkje tran i Texas er ei ypparleg bok å setje seg ned med ein kveld regnet renn trøysteslaust ned over vindauget. Ho vil garantert få deg i betre humør. Desse bøkene er dessutan ypparlege å dele med andre, anten på fest eller ved frukostbordet.

Kommentarane til dei staute bileta er tørre som den beste opptenningsved, men det er nettopp kombinasjonen av desse knusktørre kommentarane og dei for oss litt rare, oppstilte og alvorlege bileta som bringar smilet fram i munnvika. Viss du sit på eiga hand med boka, er det ikkje sikkert du kjem til å gapskratte, men ei god humring er heller ikkje å forakte.

Alle finn sine eigne favorittbilete og -kommentarar i desse bøkene. Og det beste av alt med Sigmund Falch sine bøker er at du kan ta dei fram igjen og igjen og stadig finne noko nytt å le av.

 

Nynorskpris til Bryn og Riise

0

Journalistane Ingvild Bryn i NRK og Arill Riise i TV2 er Årets nynorskbrukarar 2012. 

Distriktskommunane utnyttar ikkje moglegheitene mangfald gir

0

Distriktskommunane utnyttar ikkje moglegheitene mangfald gir
Publisert: 23.03.2012 11:42
(NPK): –  Kommunane har ikkje tatt inn over seg dei moglegheitene mangfaldet av innbyggjarar gir, seier direktør Halvor Holmli i Distriktssenteret.
Fredag kom rapporten «Derfor blir vi her», om kva som gjer at innvandrarar blir buande i norske distriktskommunar. Den formidlar forteljingar frå innvandrarar i dei tre kommunane Vestvågøy, Tynset og Haram. Både flyktningar, arbeidsinnvandrar og familieinnvandrarar er med i undersøkinga.
–  Her er ingeniørar frå Tyskland og flyktningar frå Somalia, i eit forsøk på verkeleg å illustrere spennet i det mangfaldige Noreg anno 2012, seier Holmli i ei pressemelding.
For lite heilskapleg
Dei har svært få døme på kommunar som verkeleg har tatt på alvor at samansetjinga av folk i kommunen i dag er under stor forandring og utvikling.
–  Sjølv om folk flest er høflege, vennlege og relativt positive til at innvandrarar buset seg i kommunen, så lever innvandrarbefolkninga meir på sida av enn saman med folk som bur i kommunen frå før, fortel Holmli.
Han meiner det er mykje bra integreringsarbeid i kommunane, men at arbeidet ikkje er heilskapleg.
–  Verken på lokalt eller nasjonalt plan klarer vi å sjå distriktspolitikk og innvandringspolitikk i samanheng, meiner Holmli. –  Må omfamne mangfaldet
I pressemeldinga viser senteret til at Distrikts-Noreg treng innvandrarar for å halde oppe befolkningsgrunnlaget og levestandarden. Holmli viser til at mange kommunar prøver seg på tilbakeflyttingsprosjekt med varierande suksess og at mange slit med å få tak i den rette kompetansen. Innvandrar kan vere løysinga, meiner han.
–  Kommunar, næringsliv og frivillige må sjå at dei har felles interesser i å omfamne mangfaldet –  både som kjerneverdi og i form av praktiske tiltak, seier han.
Rapporten viser døme på innvandrarar som stortrivst i distrikta og ønskjer å bidra aktivt og positivt til lokalmiljøet. Dei har ofte solid utdanning og kompetanse.
–  Vi må møte dei aktivt, og rapporten foreslår fleire framtidsretta tiltak vi no vil vidareformidle til kommunal, privat og frivillig sektor, seier Halvor Holmli.
Det er Kompetansesenteret (KDU) for distriktsutvikling og Inkluderings- og mangfaldsdirektoratet (IMDi) som har finansiert studien, som er av utarbeidd Norsk institutt for by- og regionforsking (NIBR) (©NPK).
npk@npk.no

–  Kommunane har ikkje tatt inn over seg dei moglegheitene mangfaldet av innbyggjarar gir, seier direktør Halvor Holmli i Distriktssenteret.