Heim Blogg Side 234

Ny organisasjon på plass

0

Dei to organisasjonane I/S Fjordvegen og Diktarvegen har no formelt oppretta ein organisasjon.

Utsette vedtak om språknøytral kommune

0

Bykle kommune skulle i går handsame saka om å gjere kommunen språkleg nøytral. Men saka er no utsett til februar.

Inkluderande bibliotek

0

Lånetala til biblioteka går ned, medan det kjem fleire besøkande enn før. I eit stadig meir multikulturelt samfunn er biblioteka viktigare enn nokon gong, meiner forskar.

Statkraft slepp å bruke nynorsk

0

Språkrådet ville at Statkraft skulle følgje mållova, men Nærings- og handelsdepartementet lar selskapet sleppe.

Medlemsauke i mållaget

0

Noregs Mållag opplever at mange vil støtte nynorsken etter at det var kjent at kunnskapsminister Kristin Halvorsen vil setje Utdanningsdirektoratet i gang med å svekkje sidemålsordninga. Siste døgnet har 55 meldt seg inn i Noregs Mållag.

– Er bokmålet rota til alt vondt?

0

Spør språkforskar Øystein A. Vangsnes ved Universitetet i Tromsø. Han ser samanhengar mellom  målform i norske kommunar og innbygjarane sin trivsel.

Misnøgd med NRK

0

– NRK skapar eit inntrykk av at ungar som skriv nynorsk ikkje skriv norsk, seier Kristian Fjellanger i Noregs Ungdomslag.

Tid for endring av norskfaget?

0

Kunnskapsminister Kristin Halvorsen vurderer – på bakgrunn av eit notat frå Utdanningsdirektoratet – å tona ned satsinga på sidemål for å styrkja hovudmålet og satsa sterkare på norskfaget. Statsråden meiner det er urealistisk å krevja at elevane skal vera like gode i hovudmål og sidemål, og ønskjer ein tydelegare og mindre omfattande læreplan.

Dette har ho sjølvsagt rett i, og læreplanen treng sårt til ei revidering. I dag lærer mange av dei som har nynorsk som sidemål ikkje eingong dei grunnleggjande elementa i faget, av di dei knapt får undervisning i språkforma. Norskfaget har teke opp i seg så mange sjangrar og tema at det ikkje vert tid til å undervisa i alt, og dette ser ut til systematisk å gå ut over opplæringa i sidemål.

Me ønskjer såleis arbeidsgruppa som no skal laga utkast til ein ny læreplan i norsk, lukke til med arbeidet, og vil vona at dei går djupare inn i problemstillingane enn det Utdanningsdirektoratet ser ut til å ha gjort – så langt. Tida er overmoden for endring av norskfaget, men så er det dette med skilnaden på å barbera seg og skjera av seg haka.

hoDen største endringa kunnskapsministeren skal vurdera i løpet av det neste året er nemleg å fjerna standpunktkarakterar og eksamen i sidemål. Dette er ein særs dårleg ide, og vil i praksis vera å rokka ved sjølve prinsippet for jamstelling av nynorsk og bokmål – stikk i strid med gjeldande norsk språkpolitikk. Me er sterkt kritiske til at ein faginstans som Utdanningsdirektoratet ser ut til å la fordommar og populisme få styra utviklinga av det norske språket ved å redusera kunnskapskravet i basisfaget norsk.

Ei tilnærming til omorganisering av norskfaget slik Kristin Halvorsen no tek til orde for, vil få konsekvensar langt ut over skuleverket. Lat oss ta eit døme frå ein av medlemskommunane våre: Bykle Arbeidarparti har kome med framlegg om at Bykle skal gå frå å vera nynorsk til språknøytral kommune. Hovudargumentasjonen var at det er så få saksbehandlarar som kan nynorsk – og at potensielle søkjarar til kommunale stillingar kvir seg for å søkja, når dei veit at dei ikkje kan språkforma. Ei likestilt språkform som dei altså skulle ha fått opplæring i gjennom fem år på ungdomsskule og vidaregåande. Det er noko fundamentalt gale med norskfaget generelt og med sidemålsopplæringa for bokmålselevar spesielt. Noko må altså gjerast.

Me er ikkje usamde i at norskfaget har blitt ein mastodont og har teke opp i seg alt for mykje marginalt stoff. Pensum kan med fordel kuttast ned, slik at elevane kan bruka meir tid på å læra basisdelane av faget. Det betyr ikkje at ein skal kutta ned på krava til kunnskap i nynorsk og bokmål – snarare tvert om: Ein gjer ikkje ein elev flinkare i norsk ved å gi han eller ho mindre norskopplæring!

Kanskje bør departementet heller gå inn i kjernen av problemet og gjera noko med norskfaget i lærarutdanninga. Her har det vore ein alt for låg standard i fleire generasjonar, og me slit med konsekvensane av dette i norsk skule i dag. Gi norsklærarar høgare løn og status, men set krav til kunnskap og motivasjon.

Frp og Høyre har signalisert at dei vil gjera sidemål (les: nynorsk) valfritt om dei kjem til makta i 2013, trass i sterk motstand i eigne rekkjer lokalt. Dei tre regjeringspartia gjekk derimot til val på at dei skulle styrkja nynorsken og arbeida for meir likestilling mellom nynorsk og bokmål. Lat oss håpa at utspelet frå Kristin Halvorsen fører til ei faktisk styrking av faget norsk.

Oppdatert 2. februar 2012

 

Vil få konsekvensar

0

Dagleg leiar i LNK, Vidar Høviskeland, meiner ei slik tilnærming til omorganisering av norskfaget som Kristin Halvorsen no tek til orde for, vil få konsekvensar langt ut over skuleverket.

Halvorsen vurderer mindre satsing på nynorsk

0

Kunnskapsminister Kristin Halvorsen (SV) vurderer å tona ned satsinga på sidemål for å styrkja hovudmålet og satsa sterkare på norskfaget.

Jens Kihl ut av Språkåret

0

Jens Kihl sitt engasjement som prosjektleiar for Språkåret 2013 er over. Nynorsk kultursentrum hadde håpa han ville halde fram, men Kihl vel å fullføre sosiologi-studia.

Jubileumsboka er klar

0

Norsk Barneblad si jubileumsbok Skrinet med det rare i er nå klar. Boka fortel om den 125 år gamle historia til eitt av verdas eldste barneblad.