Heim Blogg Side 24

Solid fleirtal for nynorsk administrasjonsspråk i Møre og Romsdal

Med eit solid fleirtal på 30 mot 17 stemmer vedtok Møre og Romsdal fylkeskommune i dag å halde på nynorsk administrasjonsspråk.

– Det blæs ein nynorskvind over Møre og Romsdal denne adventstida, seier Peder Lofnes Hauge, leiar i Noregs Mållag, etter at Ålesund gjorde nynorskvedtak førre veke og Møre og Romsdal denne veka.

Peder Lofnes Hauge er leiar av Noregs Mållag, og glad for vedtaket i Møre og Romsdal. Foto: Noregs Mållag

Møre og Romsdal fylkesting har i dag sagt klart og tydeleg og med stort fleirtal at språket til fylkesadministrasjonen framleis er nynorsk.

Det solide fleirtalet er større enn ved sist votering, i 2016.

Vil gjere det enklare å vera nynorskelev

Det var Monica Molvær frå Høgre som etter valet i 2019 lova å fremje ei sak om at fylkeskommunen skulle gå over til å vere språknøytral. Fylkesadministrasjonen har førebudd saka, som også omhandlar korleis fylket skal innrette seg etter den nye språklova. Og i dag har ho altså kome til fylkestinget.

– Møre og Romsdal fylkesting stadfestar med dette sitt eksisterande vedtak, og legg inn i vedtaket at språket til dei vidaregåande skulane skal følgje kommunen sitt språk. I tillegg vil fylkestinget legge til rette for at det blir enklare for nynorskelevane å halde på språket sitt, og sikre digitale læremiddel på nynorsk, seier leiaren i Noregs Mållag i ei pressemelding.

Fylkestinget samla seg også om tre tiltak som kan gjere det enklare å vere nynorskbrukar i vidaregåande opplæring:

• Dei vidaregåande skulane skal bruke det språket som vertskommunen brukar.

• Elevane skal ha tilgang til lærebøker og digitale læremiddel på både nynorsk og bokmål.

• Dei vidaregåande skulane skal leggje til rette for at det skal vere like lett å halde på språket sitt for nynorskelevane som for bokmålselevane.

Direktør i Nynorsk kultursentrum Per Magnus Finnanger Sandsmark. Foto: Nynorsk kultursentrum

Får ros frå Nynorsk kultursentrum

Nynorsk kultursentrum er òg nøgde med at Møre og Romsdal skal halde fram med å vere landets nest største nynorskfylke og framleis bidra til å halde oppe det nynorske skriftspråket i Ivar Aasen sitt eige heimfylke.

– Nynorsk kultursentrum er svært glade for at fylkeskommunen framleis skal ta eit særleg ansvar for å gjere nynorsk synleg, seier direktør Per Magnus Finnanger Sandsmark i ei pressemelding.

Møre og Romsdal har 16 kommunar med nynorsk språkvedtak, 10 språknøytrale kommunar og 1 fylkeskommune med nynorsk språkvedtak. – Vedtaket i dag speglar det særlege ansvaret Møre og Romsdal fylkeskommune bør ta for nynorsk, avsluttar Sandsmark.

Ålesund kommune får ros for språkbruksplan

0

Ålesund kommune har vedteke ein språkbruksplan som stadfestar kommunen som nynorskkommune, og slår fast at all utetterretta informasjon frå kommunen skal vere på nynorsk.

– Det er svært gledeleg at Ålesund kommune så tydeleg slår fast at dei skal vere den største nynorskkommunen i verda, seier leiaren i Noregs Mållag, Peder Lofnes Hauge, i ei pressemelding.

Nye Ålesund kommune er slått saman av fire nynorskkommunar, Sandøy, Haram, Skodje og Ørskog, og Ålesund, der bokmål har blitt mest brukt. Det var i arbeidet med intensjonsavtalen før samanslåinga at dei fem kommunane vart samde om at nye Ålesund skulle bruke nynorsk i ekstern kommunikasjon, og krevje nynorsk i skriv frå staten.

– Ålesundordføraren fortener ros i denne saka. Eva Vinje Aurdal har stått ved intensjonsavtalen gjennom heile saka, trass i stort press frå bokmålstilhengjarar, seier mållagsleiaren og meiner lokale mållagsmedlemmer også har gjort ein god jobb i denne saka. (©NPK)

Sjå video frå debatten i kommunestyret her!

Medlemsrekord for Noregs Mållag

Noregs Mållag hadde 1. desember i år det høgste medlemstalet på 31 år.

Mållaget har dei siste åra opplevd ein medlemsauke på fleire tusen medlemer, og 1. desember passerte mållaget fjorårets rekordhøge medlemstal på 13 581, og er no oppe i 13 609 medlemer, det høgste sidan 1989.

– At Mållaget er i vekst, gjer at vi blir sett på som noko meir enn ein språkorganisasjon, nokon som representerer ei heil folkerørsle, seier Peder Lofnes Hauge, leiar i Noregs Mållag i ei pressemelding.

Tidlegare i haust sette styret seg eit ambisiøst mål om 14 000 medlemer innan året er omme, og verveaksjonen er i full sving. Lokallag over heile landet vervar, og berre sidan 1. oktober har Mållaget fått 310 nye medlemer.

– Eg ser tydeleg at sentrale aktørar innanfor det politiske miljøet og pressa har merka seg at Noregs Mållag er ein organisasjon i vekst. Det er fint å oppleve at det vert tillagt vekt, og det gjev oss grunn til å sikte endå høgare, seier leiar Peder Lofnes Hauge.

– Vi ser at folk vender seg til Mållaget for hjelp når dei kjenner at språket deira er under press. Det er mange små og store slag vi kjempar rundt i landet. Dei aller største slaga som står no snart, handlar om den nye opplæringslova og språklova. Vi vonar vi får viktige gjennomslag når Stortinget snart skal drøfte og vedta den nye språklova.

– Fleire medlemer gjev større kraft bak krava våre, seier Peder Lofnes Hauge, leiar i Noregs Mållag.

Vil spreie lys i i mørket med #Detlyseristillegrender

Jakob Sande – senter for forteljekunst inviterer til digital aksjon for å spreia lys i adventstida.

– «Det lyser i stille grender» er ein song som sameinar oss. Det er ein song som me vil skal lysa i dette mørket no, seier Liv Hege Skagestad, dagleg leiar ved Jakob Sande – senter for forteljekunst.

No har senteret laga ein digital aksjon der ho håpar folk vil dela bilde og videoar under emneknaggen #Detlyseristillegrender.

Feira bursdagen til Jakob Sande

Den kjende diktaren frå Dale i Sunnfjord blei fødd 1. desember 1906. På bursdagskvelden hans markerte Jakob Sande – senter for forteljekunst dagen med song ved Sigrid Felde, opplesing ved poeten Jeannine Masika Harrysson og lys.

No håpar Liv Hege Skagestad at folk skal halda fram med å tenna lys i grendene sine.

– Og så håpar me fleire vil finna lys i Jakob Sande si strålande dikting.

Vil gjera Jakob Sande meir kjent

– Det er ikkje alle som veit at det er Jakob Sande som skreiv diktet «Det lyser i stiller grender» i 1931, seier Skagestad. Diktet blei først publisert i Jul i Sunnfjord 1931 med tittelen «Julekveld».

Jakob Sande skal visst nok ha laga diktet ein junidag då han vakna opp under ein ripsbusk etter ein fest.

– Ripsbusken står der enno, fortel Skagestad.

Jakob Sande var både forfattar og ein populær visediktar som sameinte bøn og banning i eit samansett litterært univers. Forfattarskapen spenner i tid frå 1929 til 1961 og femner om ni samlingar med dikt og tre med noveller, ifølgje Allkunne.

– Jakob Sande viste gjennom diktinga si at folk får vera så samansette og rare som dei vil, påpeikar Liv Hege Skagestad.

Nasjonalbiblioteket gir 15,5 millionar til biblioteka

Nasjonalbiblioteket har fordelt 15,5 millionar kroner til over 100 formidlingstiltak i norske folkebibliotek. Nær tre firedelar av dei innkomne søknadane har fått støtte, og over halvparten av landets kommunar er omfatta av tildelingane.

Tiltaksmidla er ein del av Nasjonal bibliotekstrategi 2020–2023, som regjeringa la fram i fjor.

– Gjennom fem år med nasjonale bibliotekstrategiar har biblioteka utvikla seg til å bli sentrale møteplassar for debatt og kulturformidling i lokalsamfunna. No styrker vi biblioteka si rolle som folkeopplysarar ved å gi støtte til formidling, seier nasjonalbibliotekar Aslak Sira Myhre.

Nye tenester og utprøving

Svein Arne Tinnesand er avdelingsdirektør for bibliotekutvikling. Foto: Nasjonalbiblioteket

Prosjekt- og utviklingsmidla skal i hovudsak stimulere og bidra til utvikling av nye bibliotektenester, formidling av innhaldet i biblioteka og utprøving av nye samarbeidsformer.

– Mange har fått støtte til å styrke samarbeidet med skolar og barnehagar, fortel avdelingsdirektør ved Nasjonalbiblioteket Svein Arne Tinnesand. – Det er også mange som vil samarbeide med institusjonar, foreiningar eller arbeidsplassar i kommunen, vere til stades på eksterne arrangement og etablere lesegrupper for unge eller vaksne.

Digital formidling

Fleire bibliotek får også middel til å utvikle den digitale litteraturformidlinga si.

– Vi ser at mange ønskjer å nytte utviklingsmidla til å samarbeide på tvers av både kommune- og fylkesgrenser. Til dømes vil folkebiblioteket i Rana koordinere eit samarbeid om formidlingstiltak mellom 16 kommunar i Nordland, fortel Tinnesand.

Fylka Agder, Vestland, Rogaland, Trøndelag og Nordland har planlagt samarbeid om formidlingstiltak mellom ei rekkje kommunar, og fylkesbiblioteket i Viken får 3 millionar kroner til eit samarbeid mellom landets fylkesbibliotek for å styrke formidlingskompetansen til bibliotektilsette. Åtte storbytiltak der folkebibliotek i større kommunar samarbeider med mindre kommunar om tiltak for deling av ressursar, formidlarar eller formidlingsopplegg, får også støtte.

Dei fordelte midla blir finansierte gjennom speleoverskot frå Norsk Tipping og føreset at overføringane til Nasjonalbiblioteket blir opprettheldt på same nivå som i fjor.

Sjå liste over tildelingar her!

Seks fine julebøker på nynorsk

Mange skular og barnehagar bruker adventstida til høgtlesing kvar dag. Her får du tips til fleire gode bøker på nynorsk med god julestemning!

Dagen startar og det er mørkt ute. Men inni i klasserommet eller barnehagen er det mange skular som tenner lys, syng julesongar og les juleforteljingar høgt. Her får du tips til fleire nynorske bøker som skaper god stemning.

«God dag, herr Jul» – Laura Djupvik

Malin og veslesøstera Molla har flytta inn i eit gammalt trekkfullt hus, i ein by dei så vidt kjenner og utan pappa. Alt er annleis, men jula kjem vel uansett. Eller gjer ho det?

Onkel Thor seier at det er slett ikkje sikkert at det blir jul. Det kjem heilt an på engelen Gabriel og ei rekkje andre rare ting som skjer.

God dag, herr Jul er ei vakker og moderne juleforteljing, fylt med varme og undring. Boka passar barn i alderen 8-12 år.

«Harry og Ivar tryllar jula inn» – Lars Mæhle

Harry og Ivar-bøkene er morosame, og denne gongen har Harry fått ein grandiosa idé: han vil trylla fram ein julekveld i april. I forsøket blir det ikkje spart på ess eller kaninar – og særleg ikkje på vaflar.

Betre blir det ikkje av at superskurken Kameleonen lurar i julepynten. Og som vanleg er det blyge Ivar som må rydda opp i sakene.

Boka er illustrert av Per Dybvig, og passar barn i alderen 8 til 11 år.

«Jul på Bukken Hotell» – Christian Wiik Gjerde

Boka er gjennomillustrert med fine, artige teikningar av Ingrid Dos Santos. Gjennom boka møter me mange typar karakterar; den jålete, den alvorlege og strenge, den godhjarta, den koselege og mange fleire. Fredrik er hovudpersonen, og saman med mora og faren sjekkar dei inn på Bukken hotell, sjølv om det eigentlig er julestengt. Fredrik merkar snart at hotellet ikkje er heilt av den vanlege sorten.

Saman har Christian Wiik Gjerde og Ingrid Dos Santos skapt ei tradisjonell julehistorie, men med ein spesiell tvist, som gjer boka ganske spennande utan å øydeleggja julestemninga ein får av å lesa kalenderbøker. Boka passar for 7-11-åringar, men er også ei bok ein kan lesa høgt i familien. Les heile bokmeldinga på Framtidajunior.no!

«Jon og den lange julenatta» – Hilde Myklebust

Julekvelden ventar med gåver og herleg mat, men Jon er ikkje å sjå i julestova, for hesten hans, Tyra, skal få føl. Og det på sjølvaste julenatta!

Jon lèt julefeiring vere julefeiring og tek med seg termos og sovepose ut i stallen. Der legg han seg i høyet for å passa på Tyra, som snart skal bli mor.

Hilde Myklebust har skrive ei varm og vakker juleforteljing om underet som skjer i stallen julenatta. Den jordnære og varme teksten, og dei vakre illustrasjonane til Inger Lise Belsvik, går rett heim hos både born i barnehage og litt større ungar.

«Jakob og Neikob og det tomme rommet» – Kari Stai

Kari Stai tek oss med inn i universet til Jakob og Neikob ein gong til. I denne tredje boka ynskjer Jakob og Neikob seg ein sambuar som kan bu i det skumle og tomme rommet på loftet. Men kva er ein sambuar? Som alltid kan kommunikasjonen by på utfordringar sidan Jakob seier ja til alt, og Neikob seier nei til alt.

Bestevennene bur i eit høgt hus, Jakob bur i første etasje, og Neikob i andre, men kven skal bu på loftet?

Vennene møter mange på sin veg som kanskje kan bu på loftet deira. Kva med ein snømann, kan han bli ein god sambuar? Eller kva med ein engel, eller ein nisse?

Bøkene om Jakob og Neikob passar godt til høgtlesing. Les resten av bokmeldinga vår her!

«Gubben som ville fanga jula i ein håv» – Sylvelin Vatle

Ein vinterkveld sitt Gubben i kjøkkenet og funderer. Korleis skal han skaffa pengar til å kjøpe ein flott julepresang til Georg? Då landar noko merkeleg på fuglebrettet. Er det eit sjeldant insekt? På nært hald liknar insektet ein liten, lysande gut. Gubben er rask og fangar tassen i sommerfuglhåven sin. Kanskje han kan selja insektet i dyrebutikken og verta rik? Då byrjar mystiske ting og skje.

Historiene som høyrer jula til vert fortalde med nye ord. Som eit moderne juleevangelium

Dette er ei flott høgtlesingsbok, men ho er lenger enn ei biletbok vanlegvis er, 60 sider. Sjølv om ho ikkje er inndelt i kapittel, gjev fokuset på dei ulike personane i juleevangeliet ei naturleg inndeling. Difor eignar boka seg godt til daglege leseøkter i tida før jul i aldersgruppa 5-10 år, ifølgje bokmeldinga på Nynorskbok.no!

Denne siste boka skal vera utseld, men er å få tak i på fleire bibliotek.

SJÅ OGSÅ: Her finn du dei gode julesongane på nynorsk!

Dansk julekort frå om lag 1900.

Er du interessert i å få dei siste artiklane våre om barnebøker, barnekultur og språkarbeid i barnehagar og småskule?
MELD DEG PÅ NYHENDEBREVET TIL PIRION HER!

Desse kommunane er best på å prioritera barn og unge

0

Små kommunar med store driftsbudsjett leverer best i Kommuneanalysen, utført av UNICEF.

Kvart år rangerer UNICEF landets kommunar etter kor høgt dei prioriterer barn og unge i budsjettet, og årets analyse tyder på at det er best å veksa opp i ein liten kommune med stort budsjett.

Generalsekretær i UNICEF Norge, Camilla Viken.
Foto: Carl J Asquini /UNICEF Norge

– Kommunane skal fungera som eit sikkerheitsnett når noko eller nokon rundt barnet sviktar. Dei skal legga grunnlaget for utdanning og deltaking i arbeidslivet og dei skal fremja helsa og ivareta sjukdom. Geografiske ulikskapar kan få varige konsekvensar for kvart enkelt barn, seier Camilla Viken, generalsekretær i UNICEF Norge, i ei pressemelding.

I kommunanalysen tek UNICEF føre seg fem ulike sektorar, og ser kor mykje pengar kvar sektor vert via. Kommunane vert tildelte poeng i dei ulike sektorane, basert på tilboda og tenestene dei leverer.

UNICEF påpeiker at analysen ikkje ser på årsak og verknad, men har som mål å skape debatt om korleis barn og unge vert prioriterte på kommunenivå. Korleis er det å vekse opp i ulike delar av landet?

Store forskjellar

Nøkkeltala for kommunane sine budsjettprioriteringar syner at kvar kommune i snitt brukar 32 prosent av det totale kommunebudsjettet, noko som tilsvarar eit gjennomsnittsbeløp på 133 500 kr per barn.

Kommunen som brukar størst andel av budsjettet på barn og unge, er Bykle kommune, med heile 47 prosent. På botn er Sandnes kommune, som set av 18 prosent av det totale budsjettet.

Når det gjeld analysen av kulturtilboda, kan ein sjå at Røyken kommune til dømes bruker 8 kr på aktivitetstilbod per barn, medan Tromsø kommune brukar 2694 kr per barn.

I Skedsmo kommune brukast det 177 kr på idrett per barn, medan det i Kongsberg kommune brukast heile 8460 kr.

Tromsø og Kongsberg ligg midt på treet totalt i rangeringa, medan Skedsmo og Røyken ligg nær botn.

Dette er dei fem sektorane som vert granska: 

Skjermbilete: Kommuneanalysen 2020/UNICEF.

Datagrunnlaget er tal frå 2019 som kommunane sjølv har rapportert inn til SSB, skriv UNICEF Norge om undersøkinga.

Små kommunar på topp

Det er ingen store kommunar i årets toppsjikt: Heile åtte av dei ti kommunane på topp, har under 5 000 innbyggarar.

Topp 10 (gamle fylkesnamn):

  1. Fyresdal (Telemark)
  2. Nore og Uvdal (Buskerud)
  3. Vinje (Telemark)
  4. Tinn (Telemark)
  5. Hemnes (Nordland)
  6. Ål (Buskerud)
  7. Hammerfest (Finnmark)
  8. Hitra (Trøndelag)
  9. Karlsøy (Troms)
  10. Nissedal (Telemark)

Dei ti kommunane på topp har ein gjennomsnittspoengsum over dei fem sektorane på 3,71, mot eit landsgjennomsnitt på 2,59. Sektorane der dei gjer det aller best, er barnevern og kulturtilbod.

Topp 10-kommunane brukar i snitt 160 622 kr per barn, 27 077 kr meir enn landsgjennomsnittet.

Den gjennomsnittlege delen for budsjetterte middel per barn er likevel lågare enn landsgjennomsnittet, noko som analysen påpeikar kan indikere at topp 10-kommunane også har eit større driftsbudsjett enn landsgjennomsnittet.

Ti på botn – ingen kommunar nord for Møre og Romsdal

Dei ti kommunane som kjem dårlegast ut av analysen, gjer det gjennomgåande dårlegare på alle dei fem sektorane som har vorte granska.

Dei har alle budsjettert med å bruka mindre enn landsgjennomsnittet per barn.

Ti på botn (gamle fylkesnamn):

  1. Giske (Møre og Romsdal)
  2. Sokndal (Rogaland)
  3. Osterøy (Hordaland)
  4. Røyken (Buskerud)
  5. Hobøl (Østfold)
  6. Vaksdal (Hordaland)
  7. Selje (Sogn og Fjordane)
  8. Os (Hordaland)
  9. Ullensaker (Akershus)
  10. Spydeberg (Østfold)

Gjennomsnittspoengsummen til dei ti kommunane på botn er 1,65, mot landsgjennomsnittet på 2,59.

Som det vert påpeika i analysen – kommunar som sankar få poeng, leverer ikkje nødvendigvis utilstrekkelege tilbod og tenester. Det tyder berre at nivået på tilboda og tenestene er lågare samanlikna med nivået i andre kommunar.

Sjølv om kommunane på botn-lista brukar mindre pengar per barn enn landsgjennomsnittet, er andelen av det totale budsjettet brukt på barn høgare enn landsgjennomsnittet.

«Dette kan indikera at kommunane manglar middel sett opp mot kva kommunane ynskjer å prioritera på barn og unge», heiter det i analysen.

Råkar familar med låg inntekt hardast

UNICEF fryktar at barn i familiar med låg inntekt vert taparane når tenester for barn og unge vert nedprioriterte i ein del kommunar.

Generalsekretær Camilla Viken påpeiker at desse barna er meir sårbare når tilgangen til fellesarenaer som barnehage, skule og fritidstilbod er dårleg eller avgrensa. Ho nemner også at dette har blitt forverra av pandemien.

– Dei store forskjellane i både type tenester for barn og unge og kvaliteten på dei, bryt med barnerettane. Ingen barn og foreldre skal måtte godta at det er stå store forskjellar, seier Viken i pressemeldinga.

Årets kommuneanalyse er den sjette i rekka, levert av UNICEF.

Sørli leikeplass på Tøyen er ein av stadane som har fått seg eit løft, etter innspel frå innbyggarane.
Foto: Oslo kommune

Skulebiblioteket er hjartet i skulen

Langeland skule er blant dei største nynorske 1.-7.skulane i landet, med sine 410 elevar. Skulen har lite plass, men har prioritert skulebiblioteket dei siste åra.

– Me har rydda opp i og fornya boksamlinga vår i løpet av nokre år. Det er var noko av det første me gjorde, fortel Synnøve Koløen. Ho er bibliotekansvarleg på Langeland skule saman med Torbjørn Røssland

Støtte frå Udir og Kulturrådet

Langeland skule i Stord kommune er blant dei nær 200 heldige skulane som får alle dei kring 120 bøkene for barn og unge som kjem på innkjøpsordninga til Kulturrådet kvart år – i tre år.

Kommunen har i tillegg fått støtte frå Utdanningsdirektoratet til ekstra personalressurs på skulebiblioteka på Langeland skule og Tjødnalio skule.

– Skulen har fått fleire timar til å bemanna biblioteket, dette gjev oss ein mykje større mogelegheit til å møta den einskilde eleven og samtale uformelt om bøker og å hjelpa dei til å finna rett bok, fortel Synnøve Koløen.

Det har også gitt både skulebiblioteket og folkebiblioteket høve til å driva med formidling av litteratur.

LES SAKA: To hundre skukebibliotek er inkluderte i innkjøpsordningane

Viktig med eit annleis rom

Biblioteket på Langeland skule er mykje i bruk, og er på mange måtar hjartet i skulen.

– Det er viktig å ha eit rom på skulen som er annleis enn klasserommet. Elevane søker veldig til biblioteket, og kjem her både for å lesa og låna bøker. Eg opplever det som veldig positivt for skulen, seier Synnøve Koløen.

Med eit levande bibliotek på skulen gir det høve til lesing i andre situasjonar enn i skuletimane.

– Skulebiblioteket skal vera ei utviding av klasserommet, ein læringsarena både sosialt og fagleg. Me ynskjer at det skal vera ein kultur for lesing på Langeland – og at me er ein lesande skule, understrekar Synnøve Koløen, og viser til forsking som syner at dei elevane som driv med frivillig lesing på fritida er dei som blir dei beste lesarane.

Matheo Luca Klingsheim (9), Herman Elias Carlsen (10), Marte Sandvik Turøy (10) og Emilie Brandvik (10) er ivrige lesarar og går ofte på skulebiblioteket. Foto: Svein Olav B. Langåker

– Lesing er viktig i alle fag

Rektor Anita Eriksen fortel at satsinga på skulebiblioteket er viktig for skulen.

– Lesing er ein dugleik som elevane må ha i alle fag, påpeikar ho, og seier det er viktig å prioritera tid til lesing.

Leseplan for leselyst

Skulen har laga sin eigen leseplan der biblioteket blir brukt for å fremja leselyst, og elevane blir involvert mellom anna som bibliotekhjelpar for at dei skal føla eigarskap til biblioteket.

– Me har fokus på å finna rett bok til rett elev, og har gjort det lett å finna fram til rett bok når det gjeld nivå. Mange av bøkene står med framsida ut for å lokka elevane til å ta fram bøkene, fortel Synnøve Koløen.

Biblioteket er organisert etter tema.

– Humorhylla og teikneseriebøkene er svært populære, fortel Synnøve Koløen.

Kjøper mest mogleg nynorsk

Med sine 410 elevar er Langeland skule blant dei største nynorske 1.-7.skulane i landet.

– Me prøver å kjøpa inn flest mogleg nynorske bøker. Nyleg utvida me med fleire Leseland-bøker, fortel Synnøve Koløen, og seier biblioteket kunne tenkt seg å velja mellom endå fleire nynorske bøker.

LES OGSÅ: Ny undersøking: Fleire skulebibliotek har auka innkjøpet av nynorske bøker

William Andre Hatlevik Helland (9) likar seg på skulebiblioteket på Rimbareid barne- og ungdomsskule. Dei er òg blant biblioteka som har fått støtte frå Kulturrådet og Utdanningsdirektoratet. Foto: Svein Olav B. Langåker

Vil gi utviklingsstøtte til fleire nynorske produksjonar i Den kulturelle skulesekken

Kulturtanken, Seanse, Høgskulen i Volda og fleire fylkeskommunar samarbeider om å få meir nynorsk i Den kulturelle skulesekken i ei heilt ny ordning for å få fleire produksjonar.

– Berre ein liten del av forslaga DKS mottek er på nynorsk. Det ynskjer me å endra på! seier Øystein Strand, direktør i Kulturtanken i ei pressemelding.

– Norske elevar fortener at me legg ekstra innsats i å få fram prosjekt der nynorsk blir opplevd som relevant for alle elevar. Både dei som har nynorsk som hovudmål og dei som har det som sidemål. Derfor er eg glad for at me har sett i gang dette prosjektet for å få fleire nynorske prosjekt inn i Den kulturelle skulesekken, held han fram.

Etterlyser fleire utøvarar

Alle som har nynorsk som arbeidsspråk for produksjonen kan søkja om ein plass i opplegget. Det gjeld både dei som vanlegvis brukar nynorsk, og dei som ønskjer å endra arbeidsspråket i prosjektet sitt.

Fire til seks prosjekt blir valde ut til å vera med. Desse får støtte og hjelp til å jobba vidare med prosjektet sitt gjennom samarbeid med Seanse, senter for kunstproduksjon, som ligg i Volda.

Samarbeidet skjer gjennom eit kunstnaropphald der prosjekta får rettleiing og støtte til både vidare utvikling av form og innhald, og i å nytta nynorsk som arbeidsspråk. Tapt inntekt som følgje av kunstnaropphaldet vil bli dekt av ordninga med ein fast takst, i tillegg til reise og andre utgifter.

Utfordra frå vest

Seksjonssjef for kulturformidling i Vestland fylkeskommune, Siri Ingvaldsen, er svært glad for at Kulturtanken har starta dette prosjektet.

– Det er eit veldig flott og verdifullt prosjekt, seier ho.

Prosjektet har blitt til i samarbeid mellom fylkeskommunane Vestland, Vestfold og Telemark og Møre og Romsdal, i tillegg til Kulturtanken, Seanse, Høgskulen i Volda.

Øyvind Sunde Høstaker ved seksjon
for kulturformidling i Vestland
fylkeskommune. Foto: Solfrid
Bygstad

Øyvind Sunde Høstaker frå seksjon for kulturformidling i Vestland fylkeskommune er leiar for arbeidsgruppa for det nye prosjektet til Kulturtanken.

– Me utfordra Kulturtanken på landstinget til Landssamanslutninga av nynorskkommunar for halvtanna år sidan, og spurte dei om dei kunne gjera noko for å få fleire nynorske produksjonar, fortel han.

Øyvind Sunde Høstaker trekk fram «Les for livet» med manusforfattar Lars Mæhle som ein slik kvalitetsproduksjon han vil ha fleire av.

Den har vore på turné i Agder, Buskereud, Sogn og Fjordane, Hordaland og Møre og Romsdal. Her har Nynorsk kultursentrum og Nynorsksenteret vore med på å utvikla læremateriell og oppgåver til framsyninga.

Vil sikra god kvalitet

Øyvind Sunde Høstaker seier det er eit mål å utvikla fleire nynorske DKS-produksjonar av veldig god kvalitet og pedagogisk godt utvikla.

– Målet er at produksjonane skal bli så gode at skular over heile landet skal ønskja seg dei uavhengig om at dei er på nynorsk, seier han til Pirion.

Søknadsfristen for utlysinga er 15. desember.

Øyvind Sunde Høstaker er også leiar for juryen som skal velja ut kva produksjonar som skal få nynorsk utviklingsstøtte.

Han fortel at dei ser etter dei som har potensiale for å laga gode nynorske produksjonar. Det kan òg gå til utvikling av eksisterande produksjonar som kan lagast på nynorsk.

Anne Marta Vinsrygg Vadstein er høgskulelektor og jobbar på Nynorsksenteret ved Høgskulen i Volda.

Nynorsk i bruk i alle kunstformer

Anne Marta V. Vadstein er høgskulelektor ved Høgskulen i Volda og Nynorsksenteret, og har positive forventningar til prosjektet:

– Nynorske produksjonar i Den kulturelle skulesekken er viktig, både for elevar med nynorsk som hovudmål og sidemål, og gjev elevane erfaringar med nynorsk i bruk i alle kunstformer. Den kulturelle skulesekken når ut til elevar i heile landet, og utøvarane kan bidra til å auke den språklege sjølvtilliten og bevisstheita til elevane, skriv ho i ein epost til Pirion.

Målpris frå Stord kommune til Framtida.no

0

Stord kommune har valt å dela ut Målprisen for 2020 til nyhende- og debattavisa for unge, Framtida.no.

Framtida.no blir driven frå Stord og Oslo. No har Stord kommune heidra 10-årsjubilanten med målpris.

Følgjande kjem fram i grunngjevinga frå Susan Abdallah:

«Mange barn og ungdomar måtte plutseleg leve under koronatida, heimeskule og sosial avstand. Framtida.no lanserte ein skrive konkurranse og mange ungdomar fekk ein ekstra aktivitet som er enkelt og passar til alle, og den er målretta mot nynorsk».

Målprisnemnda vil leggja til følgjande:

«I vår tid, med sterkt press mot bruk av nynorsk, er det viktig med nettsider som har barn og unge som målgruppe, og som nyttar nynorsk. Målprisnemnda håpar slike nettsider kan vera eit viktig bidrag til at barn og unge lettare vil nytta nynorsk som hovudspråk også når dei vert eldre. Kandidaten til målprisen i år gjer m.a. lokale, nasjonale og internasjonale nyhende tilpassa unge lesargrupper tilgjengeleg på god nynorsk. I tillegg produserer den artiklar innanfor tema som t.d. skule og jobb, samfunn, kultur og miljø på unge sine premissar. Nettsida er også tilgjengeleg på sosiale media som Facebook, Instagram og Twitter».

Utval for oppvekst og kultur vedtok prisane samrøystes i tysdagens møte, melder Sunnhordland.no.

Initiativ Vest – ny tankesmie med sentrale samfunnsaktørar

Ei rekkje ressurspersonar står bak ei ny nasjonal tankesmie med fotfeste på Vestlandet. Initiativ Vest skal leiast av tidlegare direktør i Arctic Frontiers, Ole Rasmus Øvretveit.

– Vi må tenke nytt om organiseringa av Noreg for å møte ei akselerande og kompleks samfunnsutvikling, seier styreleiar Pål W. Lorentzen. Han er tidligare høgsterettsadvokat og grunnleggar av Norsk Klimastiftelse.

Pål W. Lorentzen er styreleiar for tenketanken.

Store endringar og ei erkjenning av at det norske samfunnet ikkje er organisert på ein måte som gjer oss i stand til å møte desse er bakgrunnen for etableringa av den nye tankesmia. Dette handlar med anna om at Noreg er for sektorinndelt og sentralstyrt, og forholdet mellom sentrum og periferi.

– Vi meiner det må tenkast nytt om ei rekkje av desse spørsmåla i tida som kjem og vi meiner ei tankesmie vil vera bra både for Noreg og Vestlandet. Vi har følgt samfunnsutviklinga tett og meiner det trengs ei tydeleg stemme som både kan samle og utvikle heile regionen, og som tek ansvar for langsiktig tenking på viktige områder for Norge, seier Pål W. Lorentzen.

Dagleg leiar med bakgrunn frå internasjonalt vitskapsdiplomati

Tankesmia skal leiast av Ole Rasmus Øvretveit som tidlegare har vore direktør for Arctic Frontiers (AF) i Tromsø. Som direktør har han utvikla AF til å verta ein sentral agendasetjar i det globale ordskiftet om Arktis, eit nasjonalt og i aukande grad eit internasjonalt partnarskap og ein av dei største møteplassane for diskusjon og dialog om arktiske spørsmål i verda.

– Vi må møte stadig meir komplekse og akselerande omstillingar med kunnskap, samarbeid og langsiktig tenking. Initiativ Vest skal leggje til rette for dette, seier daglig leder, Ole Rasmus Øvretveit

Initiativ Vest har i tillegg tilsett Tommy Aarethun som administrasjons- og kommunikasjonssjef. Aarethun har tidlegare vore rådgjevar for rektor ved Universitetet i Bergen og politisk rådgjevar og stabssjef for byrådsleiaren i Bergen.

Initiativ Vest sin overordna visjon er å bidra til å etablere Vestlandet som ein leiande havregion. Gjennom faktabasert kunnskap vil vi foreslå og setja i verk tiltak som styrkar denne visjonen.

Det er peika ut fire fokusområder som skal bidra til å nå visjonen:
– Makt og demokrati
– Infrastruktur og samfunn
– Vekst og velferd
– Ei samling av unge vestlendingar

– Vestlandet har dei beste føresetnader for å ta ei leiande rolle på hav og havspørsmål, dersom vi i større grad klarar å kople saman alle dei gode fagmiljø på tvers av regionar, fagmiljø og sektorar. Om vi samlar oss kan vi saman utvikle og fronte Vestlandet som ein leiande havregion, seier dagleg leiar Ole Rasmus Øvretveit

Klarte å gjennomføra 91 Falturiltu-arrangement

Falturiltu arrangerte heile 91 arrangement, og fekk eit publikumstal på omlag 4600, trass smitteverntiltaka i samband med smittebølgja.

– Aldri før har det vel vore meir spanande å arrangera Falturiltufestival, og aldri har me kjent oss så letta over at (nesten) alt gjekk etter planen, skriv Falturiltu i ei melding etter festivalen avslutta i helga.Eitt arrangement blei flytta og to forfattarar måtte trekka seg på grunn av sjukdom.

Atle Hansen har vore ein svært travel festivalforfattar frå sundag 1. september då han i samarbeid med kulturskuleelevar tok med publikum på ei spanande vandring inn i haustskogen på Stord. Hansen blei også bokbada av elevar ved alle dei tre ungdomsskulane på øya, i programmet 2 Hansen og 1 band. Her hadde han følge av debutanten Sigrid Agnethe Hansen.

Strøyma fagleg seminar

I samarbeid med HVL, Barnebokkritikk og Foreningen!les var det også i år fagleg seminar, og dette blei strøyma på nettet. Stord kulturskule som skulleheidra festivalforfattaren med fATLEriltu, ei elektronisk og symfonisk litteraturframsyning, valde å utsetta dette arrangementet, men det er berre å gle seg.

Klassikartimen har blitt ein tradisjon under Falturiltu, og i år var det festivalforfattaren som samtala med Einar Økland om tilrettelagde bøker, med utgangspunkt i Økland si bok Sikk-sakk, frå 1978.

Populært i stallen

Blant dei mest populære innslaga for dei minste under årets festival, var Stallturiltu med bokaktuelle Malin Hellebø, og møte med Marianne Gretteberg Engedal si bildebok Pølsetjuven, i dramatisering ved Heidi Marie Vestrheim og Jarl Flaaten Bjørk.

Bok og fiskebolle hadde førpremiere på Anna Rommetveit Folkestad si bok Fiskebolleboksraketten, som kjem ut i 2021.

https://www.facebook.com/plugins/video.php?href=https%3A%2F%2Fwww.facebook.com%2Fstord.folkebibliotek%2Fvideos%2F3375161092551911%2F&show_text=0&width=560

Ruth Lillegraven presenterte sin nye miljø- og spenningserie, Klodeklubben på Stord folkebibliotek.

Marianne Gretteberg Engedal og Hans Sande turnerte i stordskulane og Tor Arve Røssland fortalte om jubilanten Pode.

Dei unge fekk forfattarmøte med Ane Barmen (digitalt) og Magnhild Bruheim, og Anders Totland stilte til flott musikalsk bokbad med Stord vidaregåande skule.

Forfattar og journalist Randi Fuglehaug kunne ein treffe fleire stader, blant anna med sin krimdebut, Fallesjuke, på Stord folkebibliotek. Den høgt akta omsetjaren og gjendiktaren Tove Bakke besøkte dei vidaregåande skulane Stord og Skeisvang, og stilte på Språkkafe i Stord folkebibliotek i samarbeid med Internasjonal kulturklubb.

Odd Nordstoga hadde med seg musikarane Torstein Lofthus på synth og trommer, og Tor Egil Kreken på bass og mandolin. Foto: Svein Olav B. Langåker

Mykje kjekt for vaksne

For dei vaksne var nok vaksenbokkvelden med Tore Renberg, i samarbeid med Stord mållag, eit høgdepunkt, og både vaksne og unge storkosa seg på to utselde konsertar med Odd Nordstoga Supertrio.

Det var festivalutstilling med elevar ved designlinja på Fitjar vgs, i foajeen i kulturhuset, og denne blir hengande også i tida framover.

Svein Tindberg trollbatt publikum i Stord kyrkje, der også Atle Hansen, Ian Kolstad og Frode Hammersland framførte utvalde nynorske salmar på særeige vis.  Heile festivalen vart avslutta med forestillinga HO TOK MED SEG BILEN og sette sykkelen igjen til meg, på Arena, fredag 6. november. Her hadde Hansen med seg bandet Bømlablues, doo-wopdamene MaMa K og litterær supergjest Ragnar Hovland.

– Takk til våre trufaste frivillige, alle samarbeidspartnarar og sponsorar. No gler me oss til å gå laus på planlegginga av Falturiltu 2021, avsluttar festivalsjef Roald Kaldestad, festivalkoordinator Trond Leirvik Onarheim og sentralkomitemedlemmene Anna R. Folkestad, Jane C. Jünger og Hege Myklebust i ei melding.