Heim Blogg Side 243

Vil ikkje ha ny lærarlov

0

Kunnskapsdepartementet ønskjer i den nye lærarlova å lovfeste eit forholdstal mellom lærar og elevar. Men kommunane ønskjer ikkje ei slik lov, melder NRK i dag.

Årets unge bonde kjem frå Nordland

0

Firebarnsmor, varaordførar og mjølkebonde Elisabeth Holand (31) frå Vestvågøy i Nordland blei i går kåra til Årets unge bonde.

Stolt ordførar i Fjell

0

– I dag er eg stolt! Tenk å få stå her i Det norske teatret og ta imot prisen Årets nynorskkommune 2011! På vegner av Fjell kommune vil eg takka for denne gjeve prisen, sa Eli Årdal Berland då ho fekk prisen.

Fjell er Årets nynorskkommune

0

Fjell kommune i Hordaland vart i dag utnemnd til Årets nynorskkommune. Kommunen fekk prisen på 100 000 korner og eit bilde av kunstnaren Alf Christian Hvaring under ei tilstelling på Det norske teatret i kveld.

Bygdalarm i Øystese er årets festival

0

Nok ein festival som bruker nynorsk er kåra til Årets rockefestival.

Ravatn får pris for spenstig språk

0

Journalist Agnes Ravatn får Språkprisen 2011 for god bruk av nynorsk i sakprosa. Journalist Morten A. Strøksnes får bokmålsprisen.

Skarring: Nytt studium og nynorskblogg for internasjonale studentar

0

Fleirspråklege studentar ved Universitetet i Oslo (UiO) går opp til skriftleg eksamen på nynorsk og praktiserer nynorsk på bloggen Skarring.

Kårar Årets nynorskkommune

0

Åtte kommunar har søkt om å få bli Årets nynorskkommune 2011. Dei åtte er Aurland, Bremanger, Vågå, Fjell, Norddal, Vinje, Lindås og Masfjorden.

Bok frå folkeleg sosialist

0

Nestleiar i SV, Bård Vegar Solhjell lanserer boka Solidaritet på ny i morgon føremiddag.

Fleire kommunar med i «Saman om ein betre kommune»

0

26 nye kommunar har nå blitt med i utviklingsprogrammet «Saman om ein betre kommune», eit prosjekt som skal hjelpe kommunane å betre omdømet.

Høgskulen i Sogndal skal skriva fylkessoge

0

Høgskulen i Sogn og Fjordane får oppdraget med å skriva historia til fylket.

Bokmelding: Usminka portrett

0

NRK-journalisten Erling Lægreid leverer i boka Nærgåande skisser miniportrett av om lag 40 kjende personar i kultur-og samfunnslivet. Blant desse finn me Jens Bjørneboe, Agnar Mykle, Tarjei Vesaas, Olav H. Hauge og Erik Bye. Sjølv om mange av desse har vore døde lenge, klarer Lægreid å teikne levande portrett både på godt og vondt.

Dei usminka tekstane er fulle av små glimt frå levde liv, minner og episodar som gjerne får fram både smilet og latteren. Alt saman blir fortalt i ein levande og munnleg tone, nesten som ei slentrande reise gjennom karrieren til Lægreid. Det er tydeleg at dette er menneske som har prega Erling Lægreid og sett sine spor. I eit intervju med Norsk Tidend viser han til at minna er skrivne ned etter kva han hugsar skjedde. Han har nemleg aldri skrive dagbok.