Heim Blogg Side 261

Ny Solveig klar til Peer Gynt-spelet

0

Høgfjellskonserten til Peer Gynt-stemnet ved Gålåvatnet i sommar får ein ny debutant. Ingeborg Schübeler Gillebo (28) skal spele Solveig.

Silvia Moi skulle eigentleg ha hatt rolla som Solveig i sommar, men ho er sjukmeldt til august. Ingeborg Schübeler Gillebo frå Øyer tar over. (©NPK)

Friskt om kjærleik i festspel-opning

0

Teatersjef ved Sogn og Fjordane Teater, Terje Lyngstad, snakka om kjærleik mellom Fritjov Nansen og kona, kjærleik mellom menneske av same kjønn og mellommenneskeleg kjærleik uansett kor ein kjem frå og kva hudfarge ein har under opningstala for dei 20. nynorske festspela på Ivar Aasen-tunet i Ørsta.

Ap-fylke vil ha berre éin norskkarakter

0

Det Arbeidarparti-styrte Sør-Trøndelag fylke vil prøve ut norskundervisning med berre éin karakter i skriftleg norsk.

Austigard ny forlagsdirektør i Samlaget

0

Forfattar Edmund Austigard kjem frå stillinga som adm.direktør i Den Norske Bokdatabasen as, og overtek etter Tom Skovdahl som har vore konstituert direktør i Samlaget sidan januar 2011.

Stemmerett ved 16 kan styrke valdeltakinga

0

I ein ny rapport om nedsett stemmerettsalder nasjonalt og internasjonalt går det fram at låg stemmerettsalder og mulegheit for politisk deltaking i ung alder kan slå positivt ut for valdeltakinga på lang sikt.

 

Ungom teikna Kulturnett-logo

0

Når Kulturnett Sogn og Fjordane lanserte sine nye nettsider i går, var det med ny logo teikna av Målfrid Asheim Nummedal frå Sogndal vidaregåande.

Aukra inn i LNK

0

Sist veke gjekk kommunestyret inn for å bli medlem i LNK. Kystkommunen på Romsdalskysten jobbar for tida aktivt med kommuneplan og strategisk næringsplan og har den siste tida hatt hektisk møteaktivitet for både folkevalde og folket sjølv.

 

Kjærleik, dugnad og musikk

0

Dette er typiske festivalingrediensar rundt om i LNK-regionen i sommar.

 

Stadig fleire bruker biblioteka

0

Halvparten av den norske befolkninga bruker biblioteka, kjem det fram i ei undersøking Sentio har laga for Nationen.

Siljan mot straumen

0

Ein av tre fullfører ikkje vidaregåande skule på landsbasis. I Siljan kommune i Telemark fullfører tilnærma alle vidaregåande.

Fleire i tettbygde strok

0

I Akershus, Oslo og Rogaland har det vore størst befolkningsauke i tettstadene dei to siste åra, medan det i Hedmark og Telemark har vore minst vekst i tettstadbefolkninga.

 

Nøgde med Nyno

0

Aftenposten-journalist Solveig Ruud har prøvd ut omsetjingsprogrammet Nyno på ein kommentar ho har skrive for avisa. Både høgskular, Språkrådet og Noregs mållag er nøgde med resultatet av omsetjinga frå bokmål til nynorsk.