Heim Blogg Side 277

Alle stader vil vekse, men korleis?

0

Alle stader eg veit om, ønskjer å ha vekst i folketalet. Ingen liker at staden deira har fallande folketal. Stader med ambisjonar ønskjer å ha vekst minst på høgde med landsgjennomsnittet. Dei som har slik vekst, ønskjer at veksten skal fortsette også i dei neste åra.

Av og til stiller vi spørsmål ved om befolkningsvekst eigentleg er eit godt mål. Kanskje det ville vere betre å skape livskvalitet og trivsel hos dei som bur på staden? Viss ein verkeleg fikk dette til, ville vi forvente at folketalet auka. Viss livskvalitet og trivsel var merkbart betre på ein stad, ville få flytte ut, medan mange ville flytte inn. Dermed ville folketalet auke. Befolkningsvekst kan dermed både vere eit mål i seg sjølv og samstundes eit barometer på om staden har kvalitetar. Befolkningsvekst blir på dette viset viktig uansett om vi er opptekne av kvalitet eller kvantitet.

Det neste spørsmålet er då: Kvifor er det nokre stader som veks, medan andre stader har nedgang? Det blir snakka mykje om kva som gjer stader attraktive. Attraktive for kva eller kven?

Telemarksforsking introduserte i 2010 modellen Attraktivitetspyramiden. Dette er ein modell for å forklare kvifor somme stader veks, medan andre stader krympar. Attraktivitetspyramiden seier at det er tre måtar ein stad kan vere attraktiv på slik at han veks.

Ein stad kan vere attraktiv for bedrifter som produserer varer og tenester for sal til andre stader. Mange stader har vakse opp fordi dei har vore gunstige for landbruk, fiske eller industri. I dag er det teknologiske tenester som veks. Dette er også konkurranseutsett næringsliv som genererer inntekter, men til skilnad frå industri og primærnæringar trengst ikkje store areal, straum, råstoff eller naturressursar. I staden trengst kompetanse.

Den andre måten ein stad kan vekse på, er å vere attraktiv for besøk. Mange næringar treng kundar som er fysisk til stades, som handel, servering, overnatting og kultur og underhaldning. Innanfor besøksnæringane er det kultur og underhaldning som aukar raskast.

Den tredje vegen til vekst er å vere attraktiv som bustadområde. Dette er ein ny måte stader kan vekse på. Tidlegare måtte folk bu nært arbeidsstaden. No pendlar fleire og fleire. Dermed kan ein stad vekse gjennom å vere attraktiv å bu i, og han kan trekkje til seg folk som ikkje arbeider, eller som pendlar.

Stader som ønskjer å stimulere befolkningsvekst og vere attraktive, har dermed tre frontar dei kan setje inn støyten på. Ettersom det etter kvart er aukande konkurranse mellom stadene, er det best å sikre seg gjennom å vere attraktive for både bedrifter, besøk og busetjing samtidig. Korleis er din stad? Er det attraktivt for bedrifter, besøk og busetjing, og korleis kan staden blir meir attraktiv langs desse tre aksane?

Knut Vareide er forskar og sosialøkonom. Fagkoordinator for regional utvikling hjå Telemarksforsking

På sjølvstyr

0

«Maktforskyving frå barnebok til blogg, frå forfattar til bloggar vil være den største utfordringa for litteraturfeltet dei komande åra.»

Utfordringane for barnelitteraturen er folk flest, folk flest som ikkje har grunnleggjande kunnskap om barnelitteratur som fagfelt. Skal den nye barneboka overleve det digitale samfunnet vi har i dag, må ein ikkje skilje eller dele barnelitteraturen. Utfordringane er dei same anten ein skriv nynorsk eller bokmål.

Folk flest er opptekne av barnelitteraturen og har ei meining om han. Barnebøker representerer for mange symbolet på den idylliske barndommen, og ein ønskjer derfor ikkje at barneboka skal endre seg, i alle fall ikkje på ein slik måte at ho utfordrar, provoserer eller presenterer eit syn på verda som ein ikkje kan kjenne seg att i. Dei tradisjonelle barnebøkene har derfor ein usedvanleg sterk posisjon i samfunnet, særleg hos den middelaldrande generasjonen.

Folk flest uttalar seg offentleg om barnelitteraturen i langt større grad enn tidlegare, noko som fører til at fagfolk ikkje blir einerådande i å setje dagsorden for dei nye barnebøkene og lett blir sette på sidelinja når den vidare utviklinga vert utforma. Kunnskapen om barnebokfeltet blir derfor på den eine sida prega av eit forelda syn på barnelitteraturen, som er dominerande i det offentlige rom, og den framveksande generasjonen av skrivande unge som brukar nettet som sin formidlingskanal. Taparen blir fagmiljøet rundt den nye barneboka.

Men andre ord er dei to store utfordringane for barnelitteraturen maktforskyving av definisjonsmakta på fagfeltet og den digitale utviklinga med alle sine moglegheiter.

 

Det finst mykje forsking på barnebokfeltet. Men for meg står forskinga fram som så detaljorientert, der kompliserte analysar av einskildverk står sentralt, at heilskapsperspektiva for barnelitteraturen blir borte. Fagfeltet barnelitteratur har aldri utvikla ein eigen forskingsteori og byggjer derfor forskingsresultata sine på teoriar frå andre forskingsområde. Dette er uheldig av mange årsaker, men den viktigaste er at barneboka sitt grunnleggjande teoretiske fundament, forklaringsevne og eigenart ikkje eksisterer. Derfor er det så lett for folk flest å ha ei meining om barneboka som får påverke fagfeltet.

Eg undrar meg på kva konsekvensar det vil få for barnelitteratursektoren, at andre enn fagfolk tar styringa eller påverkar utviklinga?

Vi veit at når eit fagfelt blir allemannseige og ekspertisen mister definisjonsmakta, fell kontrollen over utviklinga bort, og vi får ei maktforskyving. Fagfeltet barnelitteratur vil då meir enn nokon gong tidlegare være prisgitt den som har størst marknadsføringskompetanse og påverknadskraft på marknaden. Vi ser allereie tendensar til ei maktforskyving når det gjeld utviklinga av e-barnebøker.

I ei brytningstid der den digitale utviklinga sprikar i alle retningar, ser vi allereie no at bloggkonseptet er ein viktig formidlingskanal for dei unge. Nokre bloggarar har opptil 70 000 lesarar kvar dag. Bloggarane er dyktige unge jenter som har forstått omgrep som marknadsføring, påverknadskraft og definisjonsmakt, og som utnyttar dette til fulle.

Den stor taparen er barnelitteraturen som ikkje har klart å tilpasse seg den oppveksande slekta, nemleg dei digitalt innfødde, men som har utvikla seg i så ulike retningar at omgrepet barnelitteratur på nokre typar «barnebøker» ofte blir misvisande og uforståeleg for folk flest.

Med ei slik utvikling er ei maktforskyving frå bok til blogg, frå forfattar til bloggar ikkje til å unngå.

Ine Marit Torsvik Bertelsen, Rogaland fylkskommune

 

 

 

 

 

 

 

Same gamle visa

0

LEIAR: Nynorskkommunane får ikkje skriv frå staten på nynorsk, trass i at lov om målbruk i offentleg teneste seier at kommunane har krav på det. Det syner ei undersøking gjort av LNK, Språkrådet og Nynorsk kultursentrum.

Det er ikkje noko nytt og overraskande i det. Den verkeleg store overraskinga hadde vel vore å høyre at staten faktisk tar det språklege ansvaret sitt på alvor og svarar kommunane i den målforma kommunen sjølv bed om.

Og i den store samanhengen, der stat og kommune strir med samhandlingsreform, sentralisering av sjukehus og store og krevjande samferdsletiltak, kan ein sjølvsagt spørje seg om dette er noko å bruke tid og krefter på. Kvifor skal nynorskkommunen sine tilsette bry seg når dei får brev på bokmål? Kvifor skal saksbehandlaren ta seg tid til å skrive brev tilbake og klage, sjølvsagt med kopi til Språkrådet og LNK? Har ikkje dei tilsette i kommunane betre og viktigare ting å stelle med? Er ikkje ord berre ord? Så lenge vi forstår einannan, så må det vere greitt?

Det er ikkje manglande forståing som er utfordringa i denne saken. Vi forstår truleg kvarandre meir enn godt nok, anten vi bruker bokmål eller nynorsk. Det er mangelen på respekt som er problemet. Som ordførar Arne Vinje seier i denne avisa: Det handlar om at staten skal tene oss alle, uansett kor vi bur og kva målform vi bruker. Og når staten sjølv feller ned i lovverket at kommunane kan få velje kva språk dei ønskjer at staten skal bruke overfor dei, ja så må vi kunne ta dei på ordet.

Kommunane vedgår rett nok sjølve at det kan vere vanskeleg å stille krav til målform når ein tilset nye folk. Andre krav veg tyngre når ein skal få på plass fagfolk. Det er ikkje urimeleg å tenkje seg at dette gjeld også oppover i systemet.

Rettferdiggjering kallast det, og det er ei enkel øving. Å vise vilje til å gjere noko med det er atskillig meir krevjande. Likevel må staten kome på banen og gjere nettopp det i denne saka. Det handlar om respekt.

 

Doke, dykk, de – eller alle?

0


I slutten av februar leidde eg eit seminar der me drøfte tilrådinga frå nemnda som har laga framlegg til ny nynorsknorm. «Alle» var der: departementet, Mållaget, Det Norske Teatret, Målungdommen, engasjerte privatpersonar, kjende forfattarar og ivrige Språkråd-tilsette. Noko var som før: To-tre ungdommar tykte lite om tilrådinga, særleg framlegget om at i-målet (soli og husi) skal takast bort. Dei ville ha den klassiske, gamle nynorsken attende, og erta på seg Edvard Hoem, som med stor kraft og patos hevda at dei ikkje har følgt med i tida. Andre, frå den austnorske sida, beklaga at nemnda tek bort kløyvd infinitiv, og at ord som annen, noe, drømme og kjøre no er på veg ut av norma.

Men det uvanlege på møtet var at nemnda fekk mykje skryt, og at dei fleste meinte endringsframlegga var fornuftige og ville tena oss som brukar nynorsk. Slik godlyd er uvanleg når målfolk diskuterer norma, og ber bod om at det blir lite ufred når den nye rettskrivinga kjem. Det er gledeleg.

Kva går så framlegga ut på? For det fyrste forsvinn sideformer som prinsipp. Somme av dei blir no del av norma, andre forsvinn. Nemnda legg stor vekt på at den vanlege nynorskskrivaren ikkje skal måtta endra noko særleg på forma si. (Eg må slutta å skriva fremmend, og heller velja framand, det er lite dramatisk. Ja, og så må det bli harv og plomme, ikkje horv og plome lenger.) Så kuttar nemnda mange lite brukte former på begge sider i norma, slik som dei eg nemnde ovanfor. Skule og mykje blir eineformer, medan bokmålsbrukarane får eineretten til skole og mye. Er du i tvil om y eller ø, kan du heretter nokså trygt velja fritt. Nemnda foreslår også valfri j i verb som leggje/legge og søkje/søke og svake hokjønnsord som bryggje/brygge og enkje/enke. Og du kan framleis velja mellom a- og e-infinitiv (høyra/høyre) og mellom me/vi.

Det var mykje vellæte og ein roleg dag for ordstyraren, altså, og mest alle var einige om éi sak: Framlegget om å gje høve til å byta ut de – dykk med dykk – dykk (Dykk må samla dykk om aksjonen) var ein dårleg ide. Somme meinte ein i tilfelle burde innføra doke – doke, men eg tvilar på om den forma vinn fram. Her trur eg ikkje det blir endringar.

Så får me venta på den endelege tilrådinga frå nemnda, og på kva det kongelege departementet bestemmer til slutt. Det er makta som rår, her òg.

Jan Olav Fretland

Once in a blue moon

0

– Norsk når du kan, engelsk når du må, seier språkdirektørane. Overskrifta er slik sett i grenseland, men av og til er engelsk eit fargerikt språk, sjølv om Noregs Mållag vil hevda at «nynorsk is a better language.» Me kunne sjølvsagt ha skrive «så godt som aldri.»

For det skal handla om språkstatistikk. I sist utgåve av LNK-avisa fortalde me om nynorskkommunar som får så godt som alt tilfang frå departementa på bokmål, sjølv om dei har krav på å få alt på nynorsk. – Statsorgana må sørgje for at dei betrar praksisen sin og følgjer opp sitt eige lovverk. Det bør vere sjølvsagt at statsorgan skriv brev og e-postar på den målforma som kommunen har valt. Det er alvorleg at statsorgana ignorerer språkvala til kommunane, seier fagkoordinator i Språkrådet, Nina Teigland. Ho oppmodar kommunane om å klaga på den departementale praksisen.

For det er eit tankekors at berre 14 % av kommunane seier at dei har klaga på desse lovbrota. Mange av dei som klagar, sender dessutan klagen sin direkte til det organet som bryt lova, utan å senda kopi til Språkrådet eller LNK. Det er lett å tenkja seg at slike klagar aldri når fram til dei som har det overordna ansvaret for språk i staten.

Det er òg grenser for kor lenge ein språkbevisst rådmann eller etatsjef orkar å bruka tid på å klaga, når det kvart år vert dokumentert at det rett og slett ikkje fører til haldningsendringar i staten. I mars la Kulturdepartementet fram Språkstatistikk for departementa for 2010. Dette er eit årvisst ritual som gong på gong dokumenterer at mållova ikkje fungerer optimalt så lenge ho ikkje har sanksjonar knytt opp mot seg. Berre knapt halvparten av departementa oppfylte den lovheimla minimumskvoten på 25 % av kvar språkform i stortingsdokumenta sine. Gjennomsnittet for dei siste seks åra viser om lag 23 %. Det er ei mager trøyst at det var endå verre før …

Statistikken for «andre dokument» er òg trist lesnad: I kategorien «dokument over 10 sider» er nynorskprosenten 9 % , medan tilsvarande tal for kortare dokument er 21 %. I ei pressemelding om saka kommenterer Kulturdepartementet statistikken lakonisk: «Det er likevel ingen tvil om at det gjennomgåande blir brukt nynorsk altfor sjeldan når departementa produserer dokument som brosjyrar, rettleiingar, rapportar, større høyringsbrev og liknande.» Pressemeldinga er på nynorsk. Det er då noko.

Dersom me legg bak oss ein mistanke om at det er vond vilje eller likesæle som kjem til uttrykk i undersøkinga over og i språkstatistikken frå Kulturdepartementet, står me att med ei sannsynleg årsaksforklaring: manglande språkkompetanse i departementa. Stortingsmeldinga Mål og meining frå 2008 er ofte god å ty til. Der heiter det:

– Departementet vil ta initiativ til å etablera ein standard for språkleg kvalitet i staten.

– Departementet vil ta initiativ til å etablera eit system for språkleg internkontroll i staten.

– Det blir lagt opp til at statlege organ skal ha ein språkleg kompetanseplan som sikrar at dei kan oppfylla lovpålagde krav om bruk av nynorsk og bokmål.

Når departementa ikkje klarar å levera tenester dei er pålagde, ventar me at Riksrevisjonen grip inn. Når departementa ikkje klarar å levera tenester dei er pålagde innafor fagområdet språk, ventar me på den blå månen.

 

For enkelt med fordjupning?

0

Både elevar og lærarar i ungdomsskulen er lite motiverte for fordjupningsfaga, kjem det fram i ein rapport som er utarbeidd for NOVA (Norsk institutt for forskning om oppvekst, velferd og aldring).

Sogn og Fjordane er best på kultur

0

I fjor brukte Sogn og Fjordane fylkeskommune 534 kroner på kultur per innbyggjar. Til samanlikning blei det brukt 262 kroner i Hordaland og 229 kroner i Rogaland.

Fekk debutantpris

0

Telemarksforfattar Helga Flatland har fått Tarjei Vesaas» debutantpris for romanen Bli hvis du kan. Reis hvis du må.

Tom Roger Aadland med nytt album

0

Det du aldri sa er tittelen på Tom Roger Aadland sitt tredje album som kjem ut i desse dagar. Som på den førre plata, Blod på spora, er også desse tekstane på nynorsk.

Den Gode Feen er Årets nynorskbrukar

0

Bloggaren Linda Sæbø (38) i Stavanger er Årets nynorskbrukar 2011, melder Nynorsk kultursentrum.

Skal kåre Noregs vakraste tettstad

0

Kommunaldepartementet vil ha kommunane med i ein nasjonal konkurranse for å kåre den vakraste tettstaden i landet.

Wegard Harsvik ny rådsordførar i Nynorsk kultursentrum

0

Wegard Harsvik (43) vil som nyvald rådsordførar fokusere på oppfølginga av språkmeldinga, og han gler seg også til å vere med og realisere språkåret 2013.