Heim Blogg Side 257

Har dårlege norskkunnskapar

0

Meir enn tre av fire innvandrarbarn i Oslo er fødde i Noreg. Fleirtalet av dei klarer ikkje å følgje ein vanleg skuletime på norsk, og mange må ha spesialtilpassa undervisning.

Førstevalget.no i gong i dag

0

I dag klokka 9 gjekk Mot til å meina-kampanjen Førstevalget.no “live” for første gong. Etter dei tragiske hendingane 22. juli er ennå ikkje alt på plass frå ungdomspartia si side, men ungdommar under 26 år kan frå i dag av gå inn og stemme på kandidatane og partia dei ønskjer.

Suksess med nyrenovert bibliotek i Årdal

0

I fjor hadde Årdal bibliotek over 40.000 besøkande. Det er rundt 10.000 meir enn dei pleidde å ha før dei renoverte biblioteklokala.

Usamde om e-val

0

Valforskar Frank Aarebrot har åtvara mot e-val og vil at folk skal boikotte denne måten å røyste på. I løpet av det første døgnet med e-val i 11 forsøkskommunar har 3181 personar røysta elektronisk. Det er kommunal- og regionalminister Liv Signe Navarsete godt nøgd med.

KS lovar betre service til fylkeskommunane

0

Etter misnøye frå fleire fylkeskommunar lovar KS no å betra tilhøvet til dei 19 fylkeskommunane.

Feirar 100 år med nynorsk i skulane

0

Den første veka i september skal Jølster i Sogn og Fjordane feire at det er 100 år sidan nynorsk blei innført i skulane i kommunen.

Pågang etter språkkurs

0

14 kommunar har så langt i år bestilt gratis språkkurs frå LNK. – No er det fullt for i år, men bestill gjerne til neste år, seier storfornøgd koordinator ved Høgskulen i Sogn og Fjordane, Tone Skjerdal.

Førehandsrøystinga startar i dag

0

Frå og med i dag kan du førehandsrøyste til kommunevalet. Du kan førehandsrøyste til og med fredag 9. september.

Klart for Nynorske litteraturdagar

0

Programmet for Nynorske litteraturdagar i Aurland siste helg i oktober er no klart.

Nye endringar i Samlaget

0

Finn Totland blei i mars konstituert som forlagsredaktør for litteratur i Samlaget. No trekkjer han seg frå stillinga.

 

To av tre nøgde med nærbutikken

0

To av tre spurde i ei ny meiningsmåling seier dei er nøgde med matvareutvalet i nærbutikken sin. Berre 13 prosent er misnøgde.

Gir meir språkrefs til Haukeland Universitetssjukehus

0

Språkrådet har i fleire år kritisert språkbruken til Haukeland Universitetssjukehus i Bergen. No ber språkråddirektør Arnfinn Muruvik Vonen sjukehuset om å endre hjerteavdelinga til hjarteavdelinga.